Ein rektor seier frå

Av
DEL

LeserbrevRektor Jan Ove Løken ved Sunndal Vidaregåande Skole har gått av, og blitt pensjonist. Løken har vore ein god rektor, ein eg som lærar ved denne skolen har samarbeidd godt med i mange år.

I eit stort intervju i Aura Avis 4. juli skryt Løken med rette både av den vidaregåande skolen vår og av samarbeidet med Sunndal Kommune. Men han er bekymra for framtida: «Årsaken til det er blant annet de siste vedtakene i desember 2018 om Nordøyvegen, som øker gjelda så mye at vi må ned med driftsmidlene for å kunne betjene gjelda, sier Løken.» Og held fram med å vise korleis det vil gå ut over den vidaregåande opplæringa i fylket.

Eg er einig med Løken. Og eg trur mange andre i vidaregåande skole, både her i Sunndal og andre stader er det. Vedtaket i fylkestinget kan sette opplæringstilboda til ungdommen vår i fare. Ikkje minst i distrikts-skolane. Mange sentrale politikarar på fylkestinget var for vedtaket om Nordøyvegen. Det gjeld blant andre Frank Sve (Frp), Tove-Lise Torve (Arbeidarpartiet) og Kristin Sørheim (Senterpartiet). Derimot var SV sin fremste fylkespolitikar, Yvonne Wold, heile tida imot. Ho åtvara mot nettopp det Løken er bekymra for. Yvonne Wold toppar også SV si fylkestingsliste ved valet no i haust.

Eg rår derfor til at veljarane brukar SV sine lister, både ved kommunevalet og ved fylkestingsvalet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags