Mobil er eit viktig verktøy - mobilhotellet bør avskaffast

Straumsnes barne- og ungdomsskule. (Arkiv)

Straumsnes barne- og ungdomsskule. (Arkiv)

Av
DEL

LeserbrevNo vil me ta opp noko som for mange kan verke som endå eit smalt i-landsproblem for mange. De som les dette tenkjer nok at generasjon Z må vere dei mest sytete ungdommane nokon gong. Likevel føler me at me må heve røysta vår for å bli høyrd.

Mobilhotell

Den siste tid har det vore ein stor debatt kring mobil og mobilhotell på Straumsnes ungdomsskule. FAU (Foreldrerådets arbeidsutval) gjekk inn for å innføre mobilhotell på ungdomsskulen, og etter mykje om og men, fekk dei medhald i SU (samarbeidsutvalet, med representantar frå FAU, elevrådet, politikarar og lærarkollegiet). I januar 2019 vart mobilhotell difor altso innført.

Det bør diskuterast om dette var eit bra tiltak. Me vil i dette skrivet drøfte og resonnere rundt dei nye mobilhotella.

Skulen er ein viktig del av liva våre

Me elevar er på skulen fyrst og fremst for å lære. Me skal ikkje berre trekkje til oss kunnskap om Pytagoras, fyrste verdskrig og fotosyntese, men også lære oss å vere sosiale, bli gode sjølvstendige trygge menneskjer og forberede oss til vaksenlivet med vidare utdanning, jobb og etter kvart familie når den tid kjem. Skulen varar i 6 timar, noko som tilsvarar eit kvart døgn. Då seier det seg sjølv at skulen er ein stor del av liva til alle ungar og ungdommar.

Skulen er altso ein viktig del av liva våre, og det blir feil å ta så store avgjerder utan å høyre på elevdemokratiet og utgreie det ordentleg.

Lærarane og elevane var i mot

I forkant gjennomførte FAU grundig spørjeundersøking blant elevane på ungdomsskulen, der resultatet viste fleirtal mot mobilhotell.

Til og med fleirtalet av lærarane var i utgangspunktet mot å innføre mobilhotell, men FAU overkøyrde både elevar og lærarar. Lærarane ser at mobilen blir brukt til fornuftige ting i samband med undervisninga. Blant anna ordliste, omsetjingsprogram, kalkulator, kart osb. Alt som gjer oss til gagns som menneskjer i heim og samfunn.

Det er enkelt å ta opp mobilen å google ein ting kjapt. No må me bruke 5 minutt på å låse inn og ut mobiltelefonane for å få svar på det me lurar på. Det skjønar både du og eg at er tungvint.

Ein kunne ha innført mobilhotell dersom lærarane meinte mobilbruk var eit stort problem, og det hadde trekt mykje åtgaum frå undervisninga, men det har altso ikkje vore tilfellet, og om det hadde vore so, hadde me lagt dei vekk etter beskjed frå lærar.

Me elevar prøvar å sjå ting frå dei vaksne sitt perspektiv, medan ingen høyrer på våre argument og vår stemme.

Mobilen er kommen for å bli

Moderne teknologi og mobilar er komme for å bli, og me må lære oss å nytte mobilen til å hente inn informasjon. Mobiltelefon er den største kjelda til informasjon i dagleglivet, ei kjelde som er så lett tilgjengeleg at me går rundt med den i lomma. Om det er noko me lurar på er det berre å ta opp mobilen for å finne svaret. Slit vi med noko, om det er personlege problem eller berre eit enkelt mattestykkje, er det berre å ta opp mobilen og sjå etter løysningar på problema våre.

Bra miljø

Straumsnes barne- og ungdomsskule skårar høgare enn landsgjennomsnittet på trivsel i elevundersøkinga 2017. Difor blir det for dumt at FAU argumenterer for at me kjem til å få betre miljø på skulen når me allereie har det veldig bra her. Me elevane kjenner oss straffa for noko me ikkje har gjort. Elevmiljøet på skulen er upåklageleg, så kvifor skal ein då samle inn mobiltelefonane? I utgangspunktet er det dessutan absurd at FAU skal detaljstyre skulen. Det er skulen sitt ansvar at elevane får god nok undervisning, og framgangsmåten bør vere opp til den enkelte skule og lærar, ikkje andre.

Andre argument FAU nyttar er: “barn må lære at ein ikkje treng å bruke mobilen heile tida”. Det er sant og bra, men kan ikkje då foreldra setje retningsliner for mobilbruk i heimen?

På skulen lærer me oss fornuftig bruk av mobiltelefon, og brukar den til vettuge ting. Ungdommen er framtida, og det er også mobilen.

Mobilhotellet på Straumsnes barne- og ungdomsskule bør avskaffast.

Dordi Boksasp Lerum, 10. Klasse SBU
med Mia Lervåg Orseth, Olav Tommason Eikrem, Hanne Nastad, Marco Kamsvåg, Andrea Aasen, Vebjørn Aasen, Hilde Korsrud Ulset, Jannicke Ulseth Moen, Henrik Kvisvik, Ida Kanestrøm, Ronja Olin Kanestrøm Bergsbakk, Nanna Vatn, Eskil Stensvold Aasen, Lisa Baas Berg, Bendik Solem, Henrik Eikrem, Hedda Albertine Strømsvåg Ulseth, Mia Therese Hals, Per Antonio Kvisvik, Michelle Cesilie Hoem Kanestrøm, Kaja Linnea Ohrstrand, Eira Skjevling Weiseth, Ottar Ulset, Vilja Treekrem, Joakim Langholm, Amalie Vatn Osnes, Adrian S, Kristen Trekrem Eikrem, Siri Sæther Haltstrand, Tim Aasen, Elise Hjortnes, Eileen Hals, Runa Aasen Naalsund, Safa Ershad, Mari Einset, Sara Baas Berg, Helene Vlieland Fjærvik, Celine Elise Knutsen Teilgård

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags