Nynorsk eller bokmål frå første klasse?

Målval: Ingeborg Singsdal.

Målval: Ingeborg Singsdal.

Av
DEL

LesarbrevViser til rådgjevande avstemming om skulespråket i kretsane Ålvundfjord og Løykja 9. september. Dersom ein skal kunne gjere ei vurdering, altså gjere seg opp ei mening om ei sak vil det først og fremst vere viktig å klargjere faktum i saka:

Syner til mållova som skildrar at “bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Når privat rettssubjekt gjer vedtak eller gjev føresegn på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune, skal det i denne samanhengen reknast for slikt organ.”. Vidare i § 2-5. Målformer i grunnskulen, står det skrive: “Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer”. I planene for norskfaget er det poengtert at elevane tidleg skal møte både nynorsk, bokmål og dialektar.

Dette vil altså seie at det er bestemt ved lov at alle skal ha opplæring i begge målformer, noko som også betyr at ein vil få karakterar i begge fag dei to siste åra i grunnskulen. Kommunestyret og folket har ansvaret for at dette blir gjort til beste for borna. Dei fleste av oss møter meir bokmål enn nynorsk dagleg. Det vil difor vere ein stor fordel å møte nynorsk så tidleg som muleg og starte med dette som hovudmål.

Ein treng nødvendigvis ikkje dykke djupt ned i forankra læringsteori for å skaffe seg kunnskap om at det her vil vere viktig med tidleg innsats. Skal ein bli god på noko er det smart å starte tidleg. Det er også ein fordel å ha gode verktøy for å bli skikkeleg god. Med dette meiner eg lærebøker og engasjerte lærarar. Det kjem dessverre fram at det finst fleire lærebøker i skulen med både dårleg språk og innhald, både på nynorsk og bokmål. Dette er heilt uakseptabelt, men dette er ikkje språket si skuld. Argumentet om at det er dårlege skulebøker på skulen høyrer ikkje heime i debatten om nynorsk eller bokmål som hovudmål, sjølv om dette sjølvsagt vil vere svært viktig å ta tak i snarast.

Oppfordrar alle til å tenkje over kva som vil vere taktisk i denne samanhengen med tanke på læring. Lærer ein nynorsk først, lærer ein båe målformene best!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags