Opprop frå Løykja skulekrets: Ta vare på nynorsken i skulen

Av
DEL

Lesarbrev16. desember vart ein artikkel publisert i Aura Avis. Der kjem det fram at enkelte foreldre ved Løykja skule ønskjer bokmål som hovudmål, og at ein søknad er sendt til kommunen. Det er eit syn slett ikkje alle foreldre i kretsen kjenne seg att i. Me vil gjerne kommentere nokon av påstandane som er sett fram i søknaden.

Nynorsk som skriftspråk er ikkje utdatert. Nynorsk er ein del av norsk kultur og historie, nynorsk har vokse ut frå dialektene våre. Bokmål kjem frå dansk. Vi er mange som nyttar nynorsk til dagleg. Nynorsk er, for oss som bur i Sunndal, nær vår dialekt. Å skulle lære å skrive eit språk som ligg så tett opp mot dagleg tale, ser me på som ein fordel. Slik sett er det ikkje grunn til å hevde at nynorsk er meir tunglærd enn bokmål. Ein lærer ikkje eit språk eller ei målform før ein kan å skrive det. Og lære, det skal ungane. Anten det er nynorsk, matte eller musikk.

Når ein skal lære engelsk, kan ein ofte få beskjed om at ein må tenkje på engelsk for å kunne skrive det godt, det same gjeld nynorsken. Tenk slik du snakkar og du er komen langt på veg i rettskriving.

Dei som har skrive søknaden til kommunen, har rett i ein ting, det er for dårleg tilbod i nynorske lærebøker og digitalt materiale. Det er vist til at biblioteket ikkje har nok nynorskbøker å velje i. Det er truleg sant, men det kan ein ikkje ta målforma for, då må me heller diskutere innkjøp og prioriteringar ved skulen. Den diskusjonen deltek vi meir enn gjerne i.

Det fins ikkje noko forsking som kan kople lese- og skrivevanskar til bruk av målform. Nynorsk og bokmål er jamstilte i Norge. Elevane skal lære begge. Å lære nynorsk så tidleg som mogleg gjer at elevane står sterkare når sidemål kjem på timeplana. At ungane får betre læring ved bruk av bokmål, er ein påstand utan hald. At du lærer mindre av noko, gjer ikkje kvaliteten noko betre. Men at me ønskjer betre lese- og skriveopplæring for ungane våre i skulen, det er nok noko alle foreldre med på.

I Noreg er det om lag ein halv million arbeidsplassar i kommune, fylke og stat som krev at ein kan nytte både bokmål og nynorsk. Mållova frå 1980 har slege fast av 25% av statleg verksemd skal vere på nynorsk. Veit du kor ungen din skal arbeide heile livet?

I søknaden til kommunen står det at vi lever i eit mangfald og at nynorsk ikkje bør skremme folk frå å flytte på bygda. Her synes initiativtakarane igjen å slenge ut påstand utan hald. Å tru at dei som tenker å flytte på bygda er så tander at dei let seg stoppe av målform ved skulen, er truleg å undervurdere folk. Men ja, vi har eit mangfald i Sunndal, og nynorsk er ein del av det.

For å ta påstanden om at nynorsk er utdatert som skriftspråk ein gong til, har me heldigvis bestselgarlista frå bokhandlarane i ryggen. Akkurat no, i julestria, tronar Are Kalvø på topp med si "Hyttebok frå Helvete". Han er eit eksempel på at sjølv ein av dei mest kjende humoristane i landet nyttar nynorsk, med stort hell. Andre kjende forfattarar som sel godt på nynorsk er Frode Grytten, Kjartan Fløgstad, Carl Frode Tiller og Edvard Hoem. Av utanlandske forfattarar oversett til nynorsk finn vi til dømes Elena Ferrante og Anna Gavalda. Alle desse har gode opplagstal som støttar opp om at nynorsken slett ikkje er utdatert som skriftspråk.

Ein forskar ved NTNU (Vulchanova) har funne at ungar som kan å nytte både nynorsk og bokmål får dei same positive effektane som fleirspråklege personar. Å lære nynorsk tidleg kan altså gjer deg mellom anna smartare, meir kreativ og språkleg bevisst. Kvifor ikkje utnytte det? Helst hadde me sett at alle skulane i Sunndal hadde nynorsk. Slepp nynorsken til!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags