Den tospråklege kommunen på Nordmøre

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevI 2002 vedtok eit samla Storting at det ikkje lenger er eit mål å undergrava eksistensen av bokmål og nynorsk som sjølvstendige skriftspråk, den såkalla samnorskpolitikken. Frametter er det eit overordna mål at vi skal ha to relativt sjølvstendige skriftspråk. Og det er eit overordna mål at alle i Noreg skal identifisere bokmål og nynorsk som sine språk.

Dei aller fleste statar i verda har minst to offisielle skriftspråk. Slik sett er Noreg eit normalt land i verda. Og i dei siste 15-20 åra har mengda av produsert tekst mesta eksplodert, ikkje minst på grunn av den teknologiske utviklinga (mobil, internett osb). Ein av dei største tekstprodusentane i kommunane er kommunen sjølv. Fordi den totale mengda av tekst og den enorme auken i etermedia og fjernsyn, har også mengda av nynorsk auka mykje: Det har aldri vore meir nynorsk i Noreg enn i dag.

Diverre heng mange kommunar att i det gamle språkpolitiske regimet som rekna målstoda i landet vårt for ein konflikt eller eit problem. Ein måte mange kommunar har «løyst» dette på, er å kalle seg «nøytral» i språkvegen. I praksis vil dei seie å ikkje meine noko om språkutviklinga i kommunen og å ikkje ha nokon politikk for å styre språkutviklinga i ei viss lei. Enden på visa blir at rådande stode, bokmålsdominansen får halde fram og vilkåra for nynorsk blir dårlegare.

Sunndal kommune har smått om senn teke til med å arbeide seg bort frå gamal tenking om språk og språkbruk. For å kunne følgje opp statleg språk- og kulturpolitikk har kommunen starta med å utvikle ein politikk og ein praksis for språkleg jamstelling. Det vil seie å arbeide for at alle i kommunen, frå dei minste i barnehagen til elevar i grunnskulen og alle vaksne elles skal få møte og bli førde inn i begge skrifttradisjonane kvar dag.

På Nordmøre er det få kommunar som har tenkt nemnande mykje på korleis dei kan setje i verk eit arbeid for å gjera det lettast mogleg for alle i kommunen og rekne både bokmål og nynorsk som sine språk. Ein enkel måte å ta til med dette, er å laga ein språkbruksplan for kommunen. Det vil gjera det enklare for kommunen å arbeide medvite for å nå målet med den nye, moderne språkpolitikken til landet. Og det vil samstundes styrkje arbeidet i kommunane for å laga og spreie betre kommunikasjon med folket i kommunane.

Nordmøre Mållag oppmodar alle kommunane på Nordmøre til å laga eigne språkbruksplanar. Vi hjelper gjerne til med råd og idear og det finst døme på slike planar hos Landssamanslutninga for nynorskkommunar og Noregs Mållag.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags