Gje ungane det beste utgangspunktet for å velje skriftspråk sjølv

Av
DEL

LeserbrevMåndag 9. september er det valdag. Då skal to kretsar i Sunndal kommune ha rådgjevande val om kva skriftspråk dei skal starte med i første klasse på Ålvundfjord og Løykja skule. Dei to siste nynorskskulane i Sunndal kommune.

Dette er ikkje eit val om nynorsk eller bokmål, for båe skriftspråka skal lærast. Dette er eit val om kva målform det er best å starte med for å bli like god i nynorsk og bokmål.

Eg er sjølv vorte bokmålsbrukar. Mest fordi eg starta med bokmål i første klasse, og møtte nynorsken først på ungdomskulen. Då var val av skriftspråk på ein måte allereie tatt for meg. Eg fekk aldri øvd like mykje på nynorsk som bokmål, og derfor knotar eg litt meir når eg

skriv nynorsk no i vaksen alder. Mange av dei eg kjenner som starta med nynorsk, har ikkje same ufordring og skiftar lett mellom dei to skriftspråka.

Haldningar til det som skal lærast i skulen er utruleg viktig. Særleg dei haldningane vi foreldre lærer vidare til ungane våre. Det er like aktuelt i alle fag i skulen. Ein 6-åring som byrjar på skulen og kanskje så vidt har lært seg nokre bokstavar og ord, har ingen store meiningar om skriftspråk. Dei lærer det vi legg til rette for at dei skal lære. Her har foreldra og skulen eit stort ansvar i å overføre gode haldningar. Gode haldningar til båe skriftspråka våre.

I tillegg synes eg det er utruleg trist om vi i Sunndal kommune skal ende opp med å berre ha bokmål som skriftspråk på alle barneskulane. Sunndal kommune som har som eit av sine hovudmål å vera ein mangfaldig kommune for innbyggarane sine. Ein slik mangfaldig kommune bør ha rom for både barneskular med nynorsk og bokmål.

Eg kan ikkje bestemme kva du skal røyste neste måndag, for det er ei avgjerd du må ta sjølv. Men eg håpar du brukar røysteretten din. For sjølv om enkelte meiner at val om skriftspråk i skulen er noko føresette til elevane ved skulen burde få avgjere sjølv, er dette valet ei folkerøysting av ein viktig grunn. Eit skifte av skriftspråk på skulen vil påverke heile kretsen, ikkje berre dei elevane som går der. Derfor håper eg alle med røysterett i dei aktuelle kretsane brukar røysteretten sin på måndag.

Til slutt vil eg gjenta at dette ikkje er eit val om å velja eit skriftspråk føre eit anna. Dette er eit val om korleis gje ungane best utgangspunkt til å lære båe skriftspråka like godt. Slik kan dei sjølv ta ei balansert avgjerd på kva skriftspråk dei vil nytte i vaksen alder. Kanskje vel dei båe.

Godt val!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags