Ikkje bokmål eller nynorsk, men norsk

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevEin bør vel kunne så mykje norsk som muleg, ikkje minst muleg?
 

Morsmålet lærer vi heime av foreldre, slektningar og vener. Morsmålet er difor forskjellig frå individ til individ, men også så likt at vi vel å kalle det ein sosiolekt eller ein dialekt, når det skil seg noko frå morsmålet i omliggjande distrikt. Og vi talar om dialekt på forskjellig nivå: Både Sunndalsdialekten og Surnadalsdialekten er Nordmørsdialekter. Ein del norske barn lærer og eit morsmål som ligg nær eit skriftspråk, mest bokmål. Det er morsmålet vårt som er norsk språk. Og skriftspråka våre byggjer på morsmålet samla sett, ispedd visse historiske realitetar.

For å meistre norsk i fagleg forstand må du forstå alle desse delane av norsk. Men ein kan sjølvsagt meistre også eit heilt vaksenliv utan å kunne så veldig mykje av all denne norsken. Men målet for alle nordmenn bør vel vere å meistre så mykje som muleg?

Og da er den beste måten å gjere seg kjent med så mykje som muleg frå første stund av! Småbarn vil sølvsagt ha nytte av å lære at mjølk, mjøøk og melk er det same så tidleg som muleg. Det er ikkje sant at det er klokt å vente med dette til seinare. Det er likevel slik i norsk skule at ein har sett det som tenleg å leggje hovudvekta på å lære eitt skriftspråk om gongen. Men det betyr ikkje at det er farleg heilt frå starten å lære litt av det andre og. Tvertimot. Det viser seg at det er ein stor fordel for tidlegast muleg å meistre det skriftspråket ein vil kunne best. Sjølv om ein på grunn av mediasituasjonen i dag lærer det eine skriftspråket mest gratis.

Hittil har norsk grunnskule og vidaregåande skule kravd at ein skal meistre den eine skriftforma godt og den andre så nokonlunde før ein forlet skulen. Eg synest ikkje det er noko stort krav. Ein krev mykje meir både i matematikk og andre fag. Og ein krev minst like mykje og meir i engelsk enn i sidemål.

For nokre år sidan var det mange av elevane mine som klaga over at matematikk var vanskeleg. Mange av dei sa at dei hata matematikk og la det i stor grad vekk. Men så bestemte dei vaksne, at matematikk må alle lære. Etterpå har det stilna med utsegner om at "vi hatar matematikk".

Slik er det med alt som vi strevar med. Men legg vi viljen til og ikkje gjev oss før vi får tak på det, går det som oftast svært bra. Og vi kan til og med bli temmeleg glade i det vi før streva med og hata. 

Det må alltid diskuterast kor mykje og kva, barn som vaksne, må og bør eller ikkje treng å lære på visse tidspunkt og i visse situasjonar i livet. Og vi vaksne har ansvaret for å ta standpunkt til dette når det gjeld barna. Men alle nordmenn bør respektere og skryte av kvarandre sitt morsmål og kvarandre sine skriftspråk. For gjer ein ikkje det, skapar ein mindreverdskjensle hos den som er i mindretal. Ein må så godt ein kan prøve å skilje mellom den aktuelle språktilstanden og kjensleprega oppfatningar av språkhistoria vår. Det siste kan vi diskutere så busta fyk, men det bør ikkje ha noko å seie for diskusjonen om kva som er nyttig å lære for norske barn i dag. 

Eg meiner at landet har forsømt seg både når det gjeld respekten for dialektar og respekten for nynorsk. Det er framleis vanleg i somme delar av landet og av for mange nordmenn å uttale seg svært negativt om dialektar/sosiolektar og nynorsk. Somme uttalar seg vel negativt om bokmål og "knoting" og.

Og i den grad ein vel opplæringsmål ved barneskulane, er det mi meining at ein bør velje nynorsk. For det ligg nærast dialekta i Sunndal. Foreldra har jo likevel rett til å velje kva skriftspråk deira eigne barn skal ha si hovudopplæring på.
Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags