Me eig alle språket vårt

Marit Hoem Fahle: Soråket handlar om heile samfunnet.

Marit Hoem Fahle: Soråket handlar om heile samfunnet.

Av
DEL

LeserbrevDet er skrive mykje den siste tida i sosiale media om kven som bør gjere seg opp ei meining om det kommande målformsvalet i kretsane Løykja og Ålvundfjord. At bestemor på 94 ikkje skal bestemme kva ungane skal lære, at dei utan ungar ikkje skal legge seg borti… Kva om me skulle overført denne tankegangen til kommune og fylkesval? At den som er godt vaksen ikkje skal stemme for dei har det meste av livet bakom seg, og difor ikkje bør legge seg borti kven som skal bestemme framover. Sjølvsagt skal alle bruke stemmeretten sin.

Dette er ei folkerøysting. Det handla om språket vårt og det er allemannseige. Me skal bruke språket vårt kvar dag, heile livet.

Eg har skrive nynorsk gjennom storparten av utdanninga mi. Då eg kom på høgskulen gjekk det mest i bokmål, mykje fordi dei eg skulle skrive gruppeoppgåver saman med aldri hadde lært nynorsk. Mindretalet gjev seg, slik er det oftast. Men det betyr ikkje at eg slutta med nynorsk. Eg kan begge deler, og det er fordi eg lærte nynorsk først og best. Nynorsken fann eg att etter eg var ferdig på høgskulen, og er det eg primært brukar i dag, fordi det er mest rett for meg.

Mange synes at me skal avskaffe nynorsk, men det er ikkje eit tema, og høyrer slett ikkje heime i diskusjonen om kva ein skal lære først. Det er omtrent like sakleg som at eg skulle ønskje at heile landet skulle skrive nynorsk. Dessutan er det ikkje noko unikt at me har to målformer. Me kan sjå på samisk som er det andre offisielle språket her til lands, samisk er rekna meir som ein språkfamilie og har mange former. Dei fleste land har fleire språk i omløp, kall det gjerne rik språkleg kultur.

Språket og målform handlar ikkje berre om skuleungane, det handlar om heile samfunnet. Det handla om respekt for kvarandre, om felles kultur og samhald oss i mellom. Det handla om litteraturen vår, songane vi skal kunne heile livet og om kunnskap. Det er ingen som nokon gong har tatt skade av å få lære meir, og lære tidleg. Å kunne meir, å få lære meir er eit gode. Å vere fri til å bruke språket sitt. Å vere så heldig , som vi som bur i Noregs land faktisk er, at vi kan sjølv finne ut kva målform som passa best for oss personleg, og få lov til å bruke den. Men om ein aldri lære det, er det ikkje noko val. Då har nokon andre valt det bort for deg!

Vil du ta det valet vekk for dei kommande generasjonane?

Stem på Løykja, stem på Ålvundfjord, stem på nynorsk!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags