Når enden er god, er allting godt

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevEg må få opplyse om at dei sakene eg kommenterte i mitt fyrste innlegg var saker framsett av Rasch sjølv. Forskjellen er kanskje liten, men å kalle eit innlegg kunnskapslaust og ein person det same er to ulike ting. Likevel var det aldri min intensjon å korkje krenkje eller gå på personen laus.

Trass at vi nok ikkje vert samde i korkje forståinga av nynorsken si rolle i Noreg og tolkinga av demokratiet, opplever eg det siste innlegget frå Rasch som delvis forsonande. At det er usemje i det vi har diskutert kjem vi ikkje utanom, men om ikkje anna kan vi vere samde om nett det.

Eg skriv rett nok nynorsk, men har ikkje alltid gjort det. I all mi tid på grunnskule og vidaregåande skule var det bokmål som gjaldt. Eg var nett ein slik elev som ikkje såg nytta av nynorsk og heller ikkje ville lære det. Men so skulle det vise seg at eg valde ei yrkesretning der nynorsken var naudsynt å kunne. Då var lærdomen frå tidlegare skulegang nyttig som fundament å byggje vidare på.

I dag er eg like glad i både bokmål og nynorsk, sjølv om det er nynorsk eg nyttar til dagleg. Eg tykkjer det er ein vakker klingande målform, samstundes som at eg stadig lærer noko nytt om språk i det heile. Sjølv om dette ordskiftet har handla mykje om nynorsk, er mitt hovudmål eit auka språkleg medvit hjå alle. Det er språk i sin heilskap eg er oppteken av – og både nynorsk og bokmål er ein naturleg og jamstilt del av det norske språket.

Ein skal ikkje forvente at alle skal bruke nynorsk eller like det, men at ein skal møte det gjennom skuletida bør gå an. So kan det for somme vere utfordrande å lære, men slik er det med so mangt i skulen. Å berre tenkje nytteverdi er ikkje ein god veg å gå, for skulen skal gjeve eit breitt grunnlag til eit liv som ofte er uføreseieleg. Ei undersøking NTNU gjennomførte i 2012 syner dessutan at dei som nyttar nynorsk ofte er betre i bokmål enn dei som nyttar nynorsk sjeldan. Det er difor vinn-vinn for alle at nynorsken vert nytta både i skule og i samfunnet elles.

Nett kva «bokmålsfolket» skal kjempe for, og kvifor vi i det heile skal vere i ein språkstrid forstår eg ikkje. Å ville nynorsken til livs er å ville det norske språket til livs.

Det er sagt at å mobilisere for noko gjev betre og meir langvarige resultat enn å mobilisere mot noko. Eg vil difor oppmode både dei som skriv nynorsk og bokmål til å grave ned stridsøksa og heller mobilisere for auka heilskapleg språkleg medvit i skule og samfunn.

Torgeir out!


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags