Svar til Brynjulf Rasch

Torgeir Brun.

Torgeir Brun.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDette er ikkje eit innlegg i den politiske debatten som Brynjulf Rasch tydelegvis prøver å setje i gong med sitt innlegg i Aura avis 12. juni. Dette er ein reaksjon mot eit innlegg som er so spekka av synsing og kunnskapslause at det mest er flaut å lese.

Eg finn det påfallande at Brynjulf Rasch forventar å more seg til neste kommuneval, sjølv om han tydelegvis har misforstått eit og anna om det norske demokratiet. Han spør om ikkje redaktøren i Aura avis har meiningsfeller i sitt forsvar for sidemålet i skulen, og vidare om desse eventuelle meiningsfellene skal lyttast til. Poenget med eit demokrati er jo at folket skal vere med i styre av staten – her i Noreg gjer vi dette på indirekte vis. Vi vel representantar inn i Storting, fylkesting og kommunestyre som vi føler representerer alt, mykje eller litt av det vi meiner. Bak kvar av desse representantane sit det difor ein skokk med røysteføre som kan meine mykje forskjellig. Nokon meiner det same som eit fleirtal medan andre det same som eit mindretal. Uansett er alle meiningar viktige. Å stille spørsmålet om kor mange som meiner noko og om ein i det heile skal lytte til dei, er difor ein farleg veg å gå i eit land vi gjerne vil rekne som eit godt og ope demokrati. Vi skal ikkje alle vere samde, men vi må respektere at andre tenkjer og meiner annleis enn oss – òg når desse representerer eit mindretal.

Vidare frå dette kjem ei lang rekke faktafeil som mest er so banale at det ikkje er verd å adressere, men som likevel ikkje kan stå uimotsagt. Sjølv om jamvel Rasch har eit par poeng opp i alt òg.

For det er riktig at nynorsk er kunstig konstruert, men det er òg bokmål, det skriftlege danske språket, svensk, fransk, engelsk, mandarin, tigrinja, arabisk og slik kan lista halde fram. Alle skriftlege språk er nemleg konstruerte. Det er tale forsøkt omgjort til skrift. Verre er det ikkje.

No har det seg vidare slik at Ivar Aasen gjennom livet reiste og samla inn ord og utrykk frå heile landet. Finnmark er einaste fylke, etter dagens inndeling, som ikkje vart vitja. Han var innom Trøndelag ved fleire høve og jamvel til om med på Nordmøre, der han vitja vår granne Surnadal i juni 1846. Alt dette er godt dokumentert og kan lærast av alle som kan opne ei bok eller gjere eit enkelt kjeldekritisk søk på nett.

So konstaterer Rasch heilt korrekt at språket er i stadig utvikling. Som eit «nytt» døme vert det pågåande samanfallet mellom kj-lyden og sj-lyden, trekt fram. Men dette er eit gamalt funn, og vart registrert og diskutert allereie i 1940, då som no, fordi ein frykta at språket var i forfall. Språkforskarar er derimot ikkje ottesam for utviklinga, nett fordi språket alltid er i utvikling. Noko som gjeld både det skriftlege og munnlege, naturlegvis. Ein heller nyare tendens som Rasch sjølv nyttar, er bruken av subjektsforma de i tredjeperson fleirtal der ein eigentleg skal nytte objektsforma dem.

Rasch har òg heilt rett når han opplyser om at kunnskapssamfunnet er meir enn stor litteratur. Naturlegvis er alle fag, tema og retningar vi har og ikkje har i skulen viktig i eit kunnskapssamfunn. Men for å lære må ein ha nokre grunnleggande dugleikar på plass, deriblant lesing. Gjennom litteratur, kanon eller ei, får ein trena på nett lesing og konstruksjonen av mentale bilete som kan støtte seinare læring. Les du mykje lærer du meir – òg i realfaga.

Elevar les fagbøker på både nynorsk, engelsk og bokmål etter vidaregåande. For då er det innhaldet som er viktig, ikkje kva for språk eller målform som vert nytta.

At nynorsken skal få ein renessanse er ikkje noko nokon treng å vente på. Ein skal heller ikkje det. Nynorsk er ein målform som vert nytta av cirka 600.000 nordmenn. Det er difor eit høgst levande uttrykk for det norske språket. Det skulle heller ikkje vere vanskeleg å finne ut at norsk er eitt språk med to målformer: nynorsk og bokmål. Å kunne bokmål er ikkje å kunne norsk. Å kunne nynorsk er ikkje å kunne norsk. Å kunne norsk er å kunne norsk.

So må ein vidare spørje seg kvifor i alle dagar det må vere naudsynt å kontakte rektoren på Sunndal vidaregåande for å finne ut kvifor dei nyttar nynorsk, når det er so enkelt at vidaregåande skular er drifta av fylka og Møre og Romsdal er eit nynorskfylke.

Eg kan soleis tipse om fleire gode kjelder for å hente kvalitetssikra informasjon om både dei eine og hint. Sjå mellom anna nettstaden til Språkrådet, Store norske leksikon og Allkunne. Vidare har biblioteket fleire gode bøker om temaa teke opp i desse innlegga.

At ein har mykje moro i vente fram mot kommunevalet, er det ikkje noko tvil om. Ein god latter kan alle få viss kunnskapsnivået i debatten skal vere so lågt som det Brynjulf Rasch i sitt innlegg demonstrerer.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags