«Vi oppfordrar med dette alle til å la stemma si kome nynorsken, dialekta vår og ikkje minst ungane sjølv til gode»

DEL

LeserbrevMed utgangspunkt i dialekta vår er det nynorske skriftspråket naturleg å lære seg. Vi seier ikkje og vatn, akkurat som på nynorsk. Grammatikken ligg òg nærare dialekta vår: Vi spring, dett, skrik, et mat og ligg og søv. Vi seier ikkje løper, faller, gråter, spiser og ligger og sover. Å lære å skrive nynorsk er viktig for å vere bevisst vår eiga dialekt og halde på ho i framtida.

Sidan bokmål dominerer i media, lærer dei fleste bokmål raskt som sidemål på ungdomsskulen. Vår erfaring er at det er ein fordel å ha hatt nynorsk som hovudmål i grunnskulen, med tanke på samla ferdigheiter i skriftleg norsk.

I offentlege etatar må ein ofte kunne begge målformene. Elevar med nynorsk som hovudmål i barne- og ungdomskulen vil lettare meistre begge målformene. Dette vil vere vanskelegare for elevar som har hatt bokmål som hovudmål, fordi dei ikkje har lært nynorsk godt nok.

Til foreldre som vil at ungane skal bli gode i norsk (bokmål og nynorsk); stem nynorsk, for da kjem ungane kunnskapsmessig best ut av det. Det å ha nynorsk som målform i barneskulen, vil òg gje alle ein sjanse til å på lik linje velje mellom dei to skriftspråka.

Dette er ikkje eit val mellom nynorsk og bokmål som skriftspråk. Det vi stemmer over, er kva elevane på Grøa, Ålvundeid og i Ålvundfjord skal lære først, nynorsk eller bokmål.

Vi oppfordrar med dette alle til å la stemma si kome nynorsken, dialekta vår og ikkje minst ungane sjølv til gode.

Vi har hatt god nytte av, og set stor pris på at vi hadde nynorsk på barneskulen.

Helsing frå tidlegare elevar frå Grøa, Ålvundeid og Ålvundfjord, både nynorsk- og bokmålsbrukarar:

Ragnhild Nes
Gunnar Erik Walseth
Sigurd Malvik
Ingveig Gridseth
Ola Innerdal
Hildegunn Holten
Nils Mulvik
Hildegunn Veddeng Taipale
Jon Martin Singsdal
Marita Åsgård
Robert Ulfsnes
Ingeborg Nes
Synnøve Nerdal
Torbjørn Evjenth
Sigrid Lillebråten
Line Malvik
Trond Hals
Vivian Halmøy
Hallvard Magne Magerøy
Ellisiv Bræin
Marianne Sponås
Petter Malvik
Bjørg Hoås
Tanja Bakken
Tor Fugelvåg
Ingunn Torske
Sigrun Rødset
Lars Seljebø
Brit Mellemseter Nes
Aksel Rødseth Ulvund
Karen Malvik
Marianne Grødal Berg
Aksel Sæsbøe
Anne Karen Magerøy Aandstad
Kjersti Solheim
Knut Grüner Aaram
Astrid Torske
Marius Malvik
Gunnhild Ulvund
Ann Kristin Gjersvoll
Ivar Nerdal
Ingeborg Ulvund Barlaup
Hildegunn Grødal
Tore Rødseth Ulvund
Iselin Askvik
Eystein Opdøl
Ragnhild Kårvatn Eikeland
Hilde Andersen
Sigrid Seljebø
Frederic Bruaset Bræin
Oddveig Gikling-Bjørnå
Torgeir Åsgård
Emil Koht-Tøfte
Mali Grüner
Ane Røen
Terje Johnsen
Mari Børset
Gøril Furu

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags