Svar til artikkelen «– Nettsalg vil gi økte strømpriser»

Av
DEL

LeserbrevVi viser til oppslag i Aura Avis 15. november der overskrifta er «– Nettsalg vil gi økte strømpriser». Innleiingsvis vil eg seie meg noko forundra over at slike udokumenterte påstandar kjem fram i media utan at Mørenett har moglegheit å kommentere dette. Vi vil sette pris på meir journalistisk undersøking der alle partar har moglegheit å kommentere eventuelle påstandar.

Mørenett har gjennomført grundige utgreiingar, og vi kjenner oss ikkje igjen i påstandane som vert framlagde. Vi har ikkje vore kontakta korkje av selskapa som står fram i artikkelen eller konsulenten dei eventuelt har brukt. Vi har også via Knut Hansen i NEAS bedt om møte med selskapa, men dette har vi førebels ikkje fått respons på.

Mørenett er det største nettselskapet i fylket og vi er eit nøytralt, effektivt og kompetent nettselskap. Vi har også einaste døgnbemanna driftsentralen i fylket, noko som er viktig for god drift og leveringstryggleik til kundane. Vi er også einaste selskapet i fylket som er eit reindyrka nettselskap ute av konsernorganisering i samsvar med føringar og ønskjer frå NVE og OED. Vi vert i mange samanhengar løfta fram som eit selskap med nøytral og framtidsretta organisering av begge desse samt også av EnergiNorge.

Vi har gjennomført grundige analyser med ekstern nøytral part som rådgjevar. Desse tilseier at kostnadane med Mørenett som eigar ikkje vert dyrare enn om selskapa bak Nordmøre og Romsdal Regionalnett skulle eige dette. Tvert om vil nettleiga med Mørenett som eigar vert lågare enn om selskapa nemnt i artikkelen skulle eige nettet. Bakgrunnen for dette er at analyser viser eit investeringsbehov i nettet som er til salgs på om lag 400 mill kroner dei komande 4-5 åra. Mørenett eig allereie over 60% av regionalnettet i fylket. Det gjer at vi vil ha mange kundar og nett å fordele desse kostnadane på, langt fleire og meir enn selskapa bak artikkelen. Dette gjer at konsekvensane av framtidige investeringar vert lågare for den enkelte med Mørenett som eigar inn i ei framtid. Til orientering er vi også eit av dei mest effektive nettselskapa i fylket med ein berekna effektivitet på 104% basert på rekneskapstal for 2018.

Mørenett er av den meininga at nettstrukturen i fylket burde reorganiserast. Hadde vi klart å samle meir nett i eit felleseigd nettselskap, ville dette være svært positivt for både kundar, tilsette og eigarar. Vi har difor invitert andre nettselskap i fylket inn som eigarar i Mørenett gjennom ein fusjonsmodell. Dette ville sikre regionen eit robust nettselskap godt rigga for ei krevande framtid der kraftnettet vert ein avgjerande innsatsfaktor for det grøne skiftet som må kome. Ein slik modell ville sikre eit eigarskap forankra i heile fylket, noko vi alle ville nyte godt av. Døra vår står vid open, og vi ønskjer dialog med alle nettselskapa i fylket rundt korleis vi kan samhandle til det beste for kundane våre inn i ei krevjande framtid.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags