Mobbetala går ned i Møre og Romsdal

Rigmor Brøste: Konstituert fylkesmann.

Rigmor Brøste: Konstituert fylkesmann.

Av
DEL

LeserbrevElevundersøkelsen er eit viktig verktøy for vidareutvikling og kvalitetssikring av læringsmiljøet til elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Undersøkinga blir gjennomført kvar haust og er obligatorisk på 7. trinn, 10. trinn og VG1.

Elevundersøkelsen 2018 viser at det er færre elevar som svarar at dei blir mobba på skulane i Møre og Romsdal.

Det er gledeleg at mobbetala går ned. Det er viktig med kontinuitet i arbeidet mot mobbing dette må prioriterast høgt.

Ein kan også trekkje trådar til debatten som har gått i media den siste tida om politikarar som er utsett for mobbing og trakassering både fysisk og via sosiale media. Vi vaksne er viktige rollemodellar for barna våre, og vi skal, og må ha nulltoleranse for mobbing.

Ingen barn skal kjenne seg einsame og utestengt - ein god barndom varer heile livet!

Trygt og godt skulemiljø

Frå 1. august 2017 vart det innført eit nytt regelverk om skulemiljø, som styrker eleven sine rettar. Det inneber at skulane har ei aktivitetsplikt som skal sikre at dei handlar raskt og riktig når ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen.

Dersom skulen ikkje tar tak i saka, kan eleven melde frå til Fylkesmannen.

Mange skular jobbar godt

Mange skular jobbar godt for å gi elevane ein trygg og god skulekvardag. Skulen har ei aktivitetsplikt når elevar eller foreldre melder frå om at ein ikkje har det trygt og godt på skulen. Skulen skal då lage ein skriftleg plan som skal innehalde opplysningar om kva problem som skal løysast, kva skulen har planlagt av tiltak, når tiltaka skal gjennomførast, kven som er ansvarleg og når tiltaka skal evaluerast.

Dei aller fleste saker etter kapittel 9A i Opplæringslova blir løyst og avslutta på skulen. Men dersom skulen ikkje grip inn og sett inn tiltak som fungerer, kan eleven melde frå til Fylkesmannen.

Fylkesmannen kan kontaktast

Eit eige team hos Fylkesmannen tar tak i dei sakene som blir klaga inn. Terskelen for å ta kontakt skal vere låg. Ein får ei rask avklaring på om det er grunnlag for å sjå nærare på saka. I fleire tilfelle blir det gitt rettleiing utan at det blir opna sak. Om Fylkesmannen opnar sak må skulen sende inn relevant dokumentasjon. Forelder/føresette har rett til å uttale seg om det skulen sender inn. Det er og viktig at ein høyrer eleven si stemme i saka. Fylkesmannen fattar så vedtak om skulen har gjort det ein kan forvente utifrå lovverket. Om ein finn at skulen ikkje har gjort nok, kan Fylkesmannen pålegge skulen å endre på tiltaka og/eller forsøke nye tiltak i saka. Om skulen ikkje rettar seg etter Fylkesmannen sitt vedtak, kan Fylkesmannen fastsette dagbøter.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal behandla 39 skulemiljøsaker skuleåret 2017-2018. Så langt inneverande skuleår, er det behandla 17 saker på dette området. Også her er det ein nedgang i talet på saker.

Vaksne som rollemodellar

Sett i lys av debatten i media om hets og trakassering av politikarar og andre offentlege personar den siste tida, er det ei viktig påminning om at vi vaksne skal vere gode rollemodellar for våre barn. Her må kvar og ein gå i seg sjølv - barna er vår viktigaste ressurs! Nulltoleranse mot mobbing og utanforskap, er det vi vaksne som har ansvaret for.

For oss i Møre og Romsdal er det godt nytt at mobbetala går ned. Det er viktig for at alle barn og unge skal ha det trygt og godt på skulen. Det viser at vi er på rett veg og at lovendringa var naudsynt. Men arbeidet er på langt nær ferdig. Det er først når Elevundersøkelsen over ein periode på fleire år viser nedgang i mobbetala, vi kan vere sikre på at utviklinga er slik vi ønskjer.

For meir informasjon sjå heimesida vår: https://www.fylkesmannen.no/fmmr/mobbing

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags