Eg stemmer for nynorsk

Av
DEL

LesarbrevEg vaks opp på 1950-talet med nynorsk i folkeskulen og ungdomsskulen. På ungdomsskulen fekk eg lov til å skrive bokmål. Det syntest eg var enkelt og greitt å skrive. Gjekk over til mest bokmål i seinare skulegang og fleire år deretter. Da trudde eg, som mange, at det kom til å bli eitt skriftspråk. Greiast å bruke det språket dei fleste brukte, tenkte eg. Men så hendte det ein sjeldan gong at eg skreiv ein tale eller laga eit innlegg eg ville stå fullt og heilt for sjølv. Dette skreiv eg på dialekt. Så oppdaga eg at eg like gjerne kunne skrive dette på nynorsk. For der var språket bygd veldig lik dialekta mi. Nynorsken eg hadde lært i ung alder gav meg god hjelp til å forme tankane skriftleg.

No er det ikkje blitt eitt skriftspråk, slik eg trudde ein gong. Det er lovfesta to likeverdige skriftspråk. Det synes eg vi som har ei dialekt utanfor «bokmålssona» skal prise for alt det er verd! For min del fann eg altså til slutt ut, at når talemålet mitt skulle formast skriftleg, vart det best på nynorsk.

Eg ville ikkje tatt frå ungane den moglegheita dei har til å lære det skriftspråket som ligg nærast tankesettet i dialekta.

Difor stemmer eg for nynorsk skulespråk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags