Godt språkval

Av
DEL

LesarbrevValdagen er det også språkval i 2 av skulekrinsane i Sunndal. Dette er eit viktig val som bør engasjere alle i bygdene våre. Enkelte har i debatten hatt svært lite positivt å seie om nynorsk. Eg trur derimot svært mange i bygdene våre er glade i nynorsk og fortsatt ønsker dette skriftspråket som ligg så nær opp mot dei fine lokale dialektene- i skule, kulturliv og samfunnsliv elles.

Nokre hevdar valet kun bør gjerast av foreldra til noverande elevar. Det er eg sterkt uenig i. Det er sannsynleg at ei endring til bokmål i bygdene vil kunne bli varig og dermed gjelde også alle framtidige elevar, og dermed i praksis oss alle. Ei slik endring vil også kunne legge press på dialektene i bygdene, då bokmål er langt meir ulikt dialektene. På sikt kan det bli vanskeleg å halde på nynorsk som kyrkjespråk og Sunndal som 2-språkleg kommune vil bli truga.

Både lokal erfaring og offentleg statistikk viser at elevar med nynorsk som hovudmål får bedre samla norsk- karakterar enn dei som har bokmål som hovudmål. Det er dermed også utifrå dette lite grunnlag for å endre på den svært lange tradisjonen med nynorsk som hovudmål i bygdene våre. Ved å lære nynorsk først har også elevane eit bedre grunnlag å velge skriftspråk sjølv seinare.

Eg vil utifrå dette oppfordre alle med stemmerett enten dei er unge eller gamle til å delta i språkvalet. Til alle dykk som fortsatt ønsker nynorsk eller rett og slett ikkje ser gode grunnar til skifte av målform - ikkje ta det for gitt at nynorsk vil få fleirtal i valet - bruk stemmeretten og sikre fortsatt nynorsk som hovudmål

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags