Kommunevalet i Sunndal blir spennande

Av
DEL

MeningerEin les på leiarplass i Aura Avis at ein meir eller mindre konkluderer med at valet i Sunndal kan avlysast for han forventar rein Ap dominans. Rett nok seier redaktøren at det er mogleg at så ikkje skjer, men at Senterpartiet da vil støtte Ap.

Det ligg ingen automatikk i dette. Sunndal Senterparti står heilt fritt til å søke mest mogleg makt til å få gjennomført god lokal Senterpartipolitikk etter valet.

Derfor er ein stemme til Senterpartiet ein stemme for Senterpartipolitikk!

Opposisjonen lever i beste velgåande i Sunndal, kanskje sterkare enn på lenge, med et godt Senterparti og eit godt synleg Høyre og gode lister for alle parti.

Sunndal Senterparti stiller med eigen ordførarkandidat og vi låser oss ikkje til noko fløy eller parti før valet.

Den sterke veksten Senterpartiet har nasjonalt og regionalt vil også gjere seg gjeldande i Sunndal kommune. Vi står for ein god distriktspolitikk og er det tydelegaste alternativet til den rådande sentraliseringspolitikken.

Ein kan førehandstemme i Sunndal frå 1. juli på Rådhuset.

Bruk stemmeretten og godt val!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags