Sentraliseringspartia og vi

Av
DEL

LesarbrevRegjeringspartia sine «reformer» har til no ført til at ca 400 einingar i distrikta har blitt lagt ned. Det gjeld lokale kontor i Skatte-etaten, NAV og politiet, og det gjeld heile kommunar og fylke. No står tingrettane og trafikkstasjonane for tur.

Den noverande regjeringa er ei nedleggingsregjering. Dei driv og legg ned distriktsnorge. Dei angrip systematisk og bevisst det som har vore så bra med landet vårt, relativt små sosiale forskjellar og relativt spreidd busetting.

Dette angår oss i Sunndal òg. Dei ville jo legge ned heile kommunen, og no kan trafikkstasjonen vår stå for tur.

Vil du stemme på eit av regjeringspartia, og såleis oppmuntre regjeringa til å legge ned enda meir? Nei, så gale trur eg ikkje om deg. Det er kommunevalg, men du skjønar at ting heng saman. Ei støtte til lokale avdelingar av regjeringspartia, fungerer sjølvsagt som ei støtte til den generelle politikken desse partia fører. Som ei støtte til regjeringa.

Sunndal SV stod samla i spissen for kampen mot nedlegging av Sunndal kommune. 80 % av sunndalingane var einige med oss, viste folkeavstemminga.

Sunndal SV tok initiativet til den kraftige protesten mot den foreslåtte nedlegginga av trafikkstasjonen vår. Som blei vedtatt i kommunestyret.

SV sitt opplegg for kommuneøkonomien ville gitt Sunndal kommune 6 millionar meir.

Og SV vil fjerne den noverande regjeringa.

Eg berre nemner det.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags