Sunndal Senterparti og eg som ordførarkandidat vil arbeide for eit framtidsretta sunndalssamfunn for alle

Av
DEL

LesarbrevSiste kommunestyreperiode har Sunndal kommunestyre hatt mange store saker på dagsorden. Eg nemner kommunereform, nedbemanning etter nedlegging av mottaket, interkomunale tenester for brann, renovasjon, barnevern og ppt samt legevaktsamarbeid.

Sunndal valte å forsette som eigen kommune. Vi ønskjer derfor gode interkommunale tenester for å styrke indre Nordmøre.

Vi vil arbeide for at kommunen skal vera attraktiv å bu og arbeide i. Etablering av fleire arbeidsplassar og å få fleire til å busette seg her i Sunndal må prioriterast.

Nokre konkrete saker vi vil satse på:

(fullstendig partiprogram ligg på heimesida vår)

- Levande lokaldemokrati : må utøvast på ein sakleg og open måte der alle har innsyn og føler seg

respekterte.

- Klimasmart sunndalssamfunn: unngå å bruke rotenonbehandling av vassdraga i Drivaregionen.

Klimasmarte offentlege innkjøp, god skogforvaltning, betre kollektivtilbud.

-Helse og omsorg: gode tilbud innan heimebasert omsorg. Nok sjukeheimsplassar etter

behov, minst to heildøgnsbemanna ambulansar på Sunndalsøra

-Skapande næringsliv: styrke eksisterande næringsliv og støtte nyetableringar.

-Samferdsel: vera pådrivar for å oppgradere fylkes-og kommunevegar.

-Skule og barnehage: oppretthalde og utvikle noverande barnehage-og skulestruktur

Bygge ny sentrumsbarnehage.

-Kultur: vera garantist for stønad til frivillig arbeid. Vidareføre Sunndal som ein tospråkleg

kommune, styrke drift av ikkje kommunale idrettsanlegg, samfunns-og kulturhus.

Gode kulturtilbud.

-Landbruk : arbeide for å styrke og utvikle landbruket.

-Reiseliv: Legge til rette for fleire arbeidsplassar knytta til reiseliv.

-Ungdommen er framtida: ein attraktiv kommune der ungdom lett kan etablera seg

Bidra til bulyst m.a. ved fleksible løysingar for spredt busetting i heile kommunen.

Sunndal-kraftsenteret på Nordmøre har alle moglegheiter. Vi ønskjer å styre kommunen på ein slik måte at det styrker heile Sunndal.

Godt val!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags