Vi i Sunndal KrF vil støtte Jørgen Singsdal frå Sp som ordførar

Andreas Gjerde Ulvund er toppkandidaten til Sunndal KrF.

Andreas Gjerde Ulvund er toppkandidaten til Sunndal KrF. Foto:

Av
DEL

Leserbrev«Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får», er vel noko mange av oss har tenkt i ulike vegskilje. Slik er det i høgste grad no når vi går kommunevalet i møte.

Sunndal KrF meiner det er på tide med eit skifte i lokalpolitikken. For oss er målsetjinga at dei avgjerdene som skal takast på vegne av alle sunndalingane blir flytta ut av gruppemøta til Ap og inn i kommunestyresalen, der alle sunndalingane er representert.

Vi ser at vi nok ikkje vil kunne få reint fleirtal på eiga hand, og har heller ikkje lansert nokon eigen ordførarkandidat. Derfor vil vi med dette seie klart ifrå til veljarane at vi vil støtte Jørgen Singsdal frå Sp som ordførar, slik at du som veljar veit litt meir om kva du kan vente å få.

KrF sine kjerneverdiar, familie, verdig og god eldreomsorg, gode oppvekstvilkår for born og unge og gründerverksemd er årsaka til at eg representerer KrF. I mine auge er skilnaden mellom oss og dei andre partia at vi har forma vår politikk med menneska i sentrum. Stem med hjartet, stem KrF.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags