Vindkraft, Raudsand og lokalbefolkning

Av
DEL

LeserbrevLokalpolitikarar angrar på at dei stemte for konsesjon til vindkraftselskap. Dei må gjerne angre, men det er ikkje det som er viktig i desse og liknande saker! Det som har skjedd på dette området viser at regjeringane og Stortinget sine ordningar når det gjeld å gje konsesjon til store industriselskap er uhaldbare.

Det er ordningar som berre er til for lettvint å kunne overkøyre lokalbefolkningar. Eit fleirtal i eit kommunestyre er ofte heilt tilfeldig, og ofte har vedtaka karakter av reine kupp. For dei store industriselskapa er ofte på banen med feilinformasjon og personleg pleie for å oppnå fleirtal.

Men i slike skjebnetunge spørsmål for ei lokalbefolkning må det andre vilkår for handsaming av saker på plass! Det må sikrast at heile befolkninga blir orientert i grundige prosessar, og når kommunen skal gjere vedtak, må det vere klart for alle innbyggjarane i kommunen kva kommunen er i gang med å vedta!

Statsråd Tina Bru sprang nettopp frå denne problemstillinga. Sjølvsagt må det sikrast at utbyggjarar ikkje blir lurt, men å gje all makt til privatinteresser til å ture fram som dei vil, er noko heilt anna! Det er det regjeringane og Stortinget har gjort i lang tid. Og det gjeld ikkje berre vindkraft! Det gjeld i alle saker der sterke privatinteresser er involvert.

Regjeringane og Stortinget har innført ordningar som gjer lokalbefolkningar til offer for eit spel mellom politikarar og utbyggjarinteresser! Dei tek grunnleggjande rettar frå lokalbefolkningar utan å blunke. Slik er det når det gjeld gruver og anna rasering av natur og eigedom. Slik er det når det gjeld deponi for giftavfall og for ulv. Dei leiiande norske politikarane og Stortinget har laga eit system der rettane til lokalbefolkningane er lagt på skraphaugen!

Her i området er det klart at det nettopp er slik når det gjeld planene om deponi for farleg avfall på Raudsand. Utbyggjingsplanene vart godtekne i Nesset kommune gjennom eit kuppliknande vedtak! Dei som stod bak planene har iherdig og utan blygsel på alle vis prøvd å hindre at Molde kommune skulle ta opp saka på nytt. Men dei tapte den kampen. Men likevel står utbyggjarane enda svært sterkt. For departementet held framleis liv i prosjektet, trass i protestane frå dei 3 kommunane som har størst interesser i fjorden. Og trass i åtvaringar frå ekspertar i Miljødirektoratet.

Enda dei sparsame undesøkingane av Sunndal/Tingvoll/Bergsøyfjorden som per dato ligg føre, skulle tilseie at politikarane nasjonalt sa stopp med ein gong! Iallfall heilt til nøytrale og uavhengige ekspertar har undersøkt fjorden, lekkasjane til fjorden, kva anlegget på Raudsand er god for og kva utbyggjing av eit stort hamneanlegg og transport langs ein farleg kyst og inn tronge fjordar kan få.
Men dei sit på gjerdet og ventar. Ventar dei på at lokalbefolkningane skal ta avgjerda for dei, slik at dei sjølve har nokon å leggje skulda på om noko skulle gå gale? Slik dei nettopp har gjort når det gjeld vindkrafta på Haramsøya? Der dei til og med tillet at ei lita privat gruppe kunne mobilisere politiet mot dei som var mot utbyggjinga?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags