Til minne om John Melkild

John Melkild: Gjekk bort den nest siste dagen i 2015.

John Melkild: Gjekk bort den nest siste dagen i 2015.

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Den nest siste dagen i 2015 kom bodskapen om at John Melkild (91) hadde gått bort, for oss både brått og uventa. Det var ikkje mange dagane sidan han hadde stått så levande blant oss. Gravferda og minnestunda i lag med familien i Jordalsgrend ungdomshus vart på alle måter eit prov på kva John har betydd for så mange, liten og stor, gammel og ung.

Mange gode ord vart sagt både i kyrkja og under minnestunda, men både Jordalsgrend ungdomslag og Øksendal bygdelag synes det likevel er på sin plass med eit minneord, der ein etter fattig evne takkar for alle dei gode stundene, dei gode opplevingane, dei gode samtalane og dei mange velskrevne ord.

John lærte vi å kjenne som eit inkluderande menneske. Han hadde alltid tid til å prate, han helste på alle han kjente og alle vart verdsatt og sett. Samtalane kunne sveipe innom så mangt, i eit spenn frå kvardagslivets trivialitetar til storpolitikk. Med sin utømmelege kunnskapsbase slapp John aldri opp for samtaleemne.

John var ein aktiv deltakar i lokalsamfunnet, i Jordalsgrenda framfor alt, men han hadde også ei stor kontaktflate og mange engasjement utafor heimbygda si. John vart ofte invitert til å lese opp, underhalde. halde tale eller prolog, og det gjorde han på sin eigen uforliknelege måte. Det var som oftast tekster han hadde skreve sjølv, der skjemt og alvor gikk hand i hand. Ofte var det naturen og kvardagslivet som vart skildra, men John kunne også vise oss eit vidare perspektiv og refleksjoner langt utover heimbygda.

Eit høgdepunkt for mange å sjå tilbake på er kveldane på Kjellarstuo pub i Øksendal med John og Per (Husby). John fortalte og las dikt, Per spela piano. Ein fortreffeleg kombinasjon som sprengte kapasiteten i lokala. Stemninga var alltid god.

John omtala seg sjølv som rimsmed, og ville på ingen måte framstå som ein diktar eller forfattar. Da Øksendal bygdelag omsider fekk overtalt han til å gi ut tekstane sine, i samband med 90-årsdagen, vart det enda meir tydeleg at mange sette pris på det han skreiv og fortalte om. Evigunge John stilte til bokbad og opplesing, både i Jordalsgrenda, i Øksendal, i biblioteket på Sunndalsøra og framfor eit begeistra publikum på Øra kafe, der mange fikk møte formidlaren John for første gong.

Jordalsgrend undomslag har mista ein god dugnadsarbeidar. John var aldri vanskeleg å be og det var lett å sjå at han treivst godt når det var tilstelningar av ulikt slag i ungdomshuset. Svært ofte var det nettopp han som var den viktigaste bidragsytaren og humørspreiaren under slike sosiale tilstelningar. Mange vil nok meine at John var på sitt aller beste når han improviserte, let manus vere manus, og spontant tok oss med på kvardagsforteljingar frå Nestua på Melkild, godt krydra med humoristiske ord og vendingar. Alt så levandegjort at ein mest såg for seg hendingane i levande live.

Dei siste åra tok John i bruk ein ny arena. Gjennom Facebook har folk, både nært og fjernt, fått ta del i John sine kvardagsfilosofiar. I mange av tekstane er det ein undertone av takksemd. Takksemd for alt livet har bydd på, for alt og alle han har møtt på sine rusleturar og kanskje ikkje minst for at helsa heldt stand. Det er heller ikkje alle 91-åringar forunt å skrive om sine sommarlege «havgangar» - på Facebook.

Både Øksendal bygdelag og Jordalsgrend ungdomslag har mykje å takke John for, og i Jordalsgrend ungdomshus vil for alltid ein stol stå tom.

Våre tankar går til John sine næraste og spesielt til Eline, som alltid har stått ved John si side. Saknet kan vere tungt å bære, samstundes som dei gode minna vil leve - for alltid.

Jordalsgrend ungdomslag

Øksendal bygdelag

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken