Kven er den dyktigaste lærlingen i fylket?

Lærlingar blir sett pris på! Kven er den beste i fylket?

Lærlingar blir sett pris på! Kven er den beste i fylket? Foto:

No skal ‘Årets lærling’ kårast for første gong i Møre og Romsdal.

DEL

Prisen blir delt ut i mars 2019, men allereie no tikkar det inn forslag til kandidatar.

- Det er eit skrikande behov for fagfolk i arbeidslivet, og vi ønskjer å løfte fram fag- og yrkesopplæringa. Vi ønskjer å gjere stas på dyktige lærlingar og vise fram kor viktige dei er for arbeidslivet vårt, seier Åse Riksfjord, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, som står bak kåringa.


Sterk konkurranse

Det er om lag 2500 lærlingar i fylket. Kven er det som får prisen?

- Her reknar vi med at det vert sterk konkurranse! Men vinnaren må vere fagleg dyktig og ha ei rekke gode eigenskapar som er viktige for faget. Juryen må gjere ei grundig vurdering av kandidaten som fagperson, seier Riksfjord.

Kriterium for å bli valt ut er:

  • Ein særs godt gjennomført fag- eller sveineprøve med fagleg kunnskapar og ferdigheiter utanom det vanlege.
  • Positive eigenskapar som handlag, nøyaktigheit, flid, effektivitet, ressursutnytting og orden.

Juryen består av medlemmar frå utdanningsavdelinga i fylkeskommunen. Prisen vert delt ut av yrkesopplæringsnemnda på lærlingsamling i mars.


Heider og ære

I tillegg til heider og ære, får ‘Årets lærling’ 10.000 kroner, diplom og blomster. Det vil også dryppe litt på den aktuelle lærebedrifta, som vil motta diplom og blomster.

Både prøvenemnder, opplæringskontor og lærebedrifter kan melde inn forslag til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune innan 31. desember.


Skape blest

Dei siste åra har fylkeskommunen gjennomført hatt kampanjen ‘TENK FRAMTID bli lærebedrift’ for å skaffe fleire læreplassar og påvirke fleire til å velje yrkesfag. Den har vore vellukka så langt og bidratt til fleire lærebedrifter og at fleire har fått lærekontrakt. Kåringa av ‘Årets lærling’ skal også spreie informasjon om fag- og yrkesopplæring og auke interessa for yrkesfaga.

Artikkeltags