Gå til sidens hovedinnhold

Når vil Molde stoppe Møreaksen?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ynskjer verkeleg Molde sine innbyggjarar å køyre ny E39 rett gjennom byen, rasere mykje flotte byområder og pådra seg enormt mykje vegstøy?

Eg får kvar veke meldingar og telefonar frå innbyggjarar i og rundt Molde, som heldigvis slett ikkje ynskjer Møreaksen, men heller fortsatt ferjer eller Romsdalsaksen.

I alle nye planleggingar av større vegprosjekt her i landet, planlegg ein store vegsystem langt utanom byar og tettbygd strøk.

I alle nye planleggingar av nye store fjordkryssingar jfr. kryssing av Bjørnafjorden (Hordfast) er djupe undersjøiske tunnelar skrota for lengst, til fordel for veg OPPE på sjøen ved flytebruer.

Men neida, Høgre og Orten og co skal bryte alle desse prinsippa - berre verdens dyraste og farligaste lokalveg vert bygd ved ein Møreakse som befolkninga i fylket slett IKKJE vil ha!

Og, får eg det ikkje som eg vil seier Helge Orten, så flyttar vi pengane til andre fylket.

Dette forklarar kvifor Høgre har sørga for at 4,4 milliardar kr som står i NTP perioden 2018-2021, som skulle vore brukt på til dømes E136 Romsdalen, Ørskogfjell osv, ikkje er brukt ei Kr av, ein klar strategi ser det ut for.

Høgre og Orten kan starte med å løyve pengar til følgjande prosjekt, og slutte med skremselspropaganda om at pengane forsvinn, dersom dei ikkje får vilja si.

- E-136 Rødstøl- Innland grense

- E-136 Flatmark, Monge , Marstein

- E-136 Veblingsnes

- E-136 Hjelviktunnelen

- -E-136 Måndalen

- E-136 Innfjorden

- E-39 Blindheim- Breivika

- E-136 Lerstadvegen

- E-39 Ålesund - Molde, mange prosjekt

- E-39 Voldatunellen

- E-39 Veibustkrysset

- RV 70 veg til Ålvundfjorden

- RV 70 utbetring bruer mot Oppdal

- RV 15 Strynefjellet

- E-39 Batnfjordøra

-E-39 Lønset - Hjelset utan bompengar

-E-39/136 Ørskogfjellet, ( kanskje ein har tenkt å begynne snart?)

- E-39 Voldafjordkryssinga

- E-39 HAFAST

- E-39 Halsafjordkryssinga

- Ny veg m gul midtstripe E-39, Festøya-Ørsta.

Og, eg kunne fortsett.

At Helge Orten truga med å fjerne pengane frå Møre og Romsdal dersom «han og Høgre» ikkje får vilja si om å bruke alle pengane på Møreaksen, er rett og slett greinalaust.

Blir Møreaksen bygd, vil alle prosjekta som står over, bli skubba ut i tid med fleire tiår, det er realiteten.

Vi i FrP og underteikna ynskjer å lytte til folket som klart og tydeleg ynskjer vegbygging over heile fylket, skrote Møreaksen og sørge for trygge og gode vegar og ferjer - ikkje djupe, skumle undersjøiske tunellar, gjennom jordskjelvforkastningar 400 m under fjorden.

Kommentarer til denne saken