Dei siste åra har kriser komme tett på oss. Pandemi. Krig i Ukraina som gir ringverknader i Europa og Noreg. Dette gjer at eigenberedskap kjennes særleg aktuelt i år.

Kvart år går Statsforvaltarane og kommunane i Noreg ut med informasjon om kva du bør ha lagra heime for å vere budd om krisa skulle komme. Om du skulle bli utan straum, vatn og opne butikkar.

Det er Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Sivilforsvaret som initierer denne veka tidleg i november der eigenberedskap får ekstra merksemd.

Samfunnet står sterkare

Målet er at du skal vere med å styrke beredskapen i Noreg. For om du klarer deg den dagen det brenn, så står samfunnet vårt sterkare. Jo fleire som er rusta, jo betre går det.

Noreg har i mange år vore berre trygt og stabilt. Vi har kvilt litt på at storsamfunnet gir oss løysningar som tek vare på oss i kvardagen. Men no kjenner vi alle på at det er meir uroleg. Overskriftene i avisene viser at mange tenker på tryggleik og beredskap.

Eg har behov for å understreke at vi framleis lever i eit trygt og stabilt land. Men no krev altså situasjonen rundt oss at DU er budd.

For det er ikkje berre sjukdom og krig som truer. Vi står midt i klimaendringar som har med seg meir uvêr og som kan føre til flaum og skred. Dette kan også gjere at mange av oss mister både straum, vatn og internett. Kanskje blir det umogleg å gå på butikken også. Da blir det fort vanskeleg å fa tak i nødvendige varer.

Sikkerhverdag.no

Også i år skal eg stå på stand i lag med fylkesberedskapssjefen og med tilsette i kommune, Sivilforsvaret og ideelle organisasjonar denne veka. Vi bruker tid på dette fordi eigenberedskap er viktig.

Min utfordring til deg er: Ha eit lite lager heime! Sørg for at du har nok til at du, og dei du eventuelt bor i lag med, held varmen og har nok til å klare dykk i minst tre dagar.

Om du vil ha tips til kva du treng, kan du sjekke nettsida sikkerhverdag.no. Takk for at du tar ditt ansvar – og er ein del av beredskapen i Noreg!