Nok ein gong: Friluftsbad

Alternativ: Bilete av området der eg har lagt inn ein «badedam».

Alternativ: Bilete av området der eg har lagt inn ein «badedam».

Av
DEL

LeserbrevDiskusjonen om friluftsbad på Sunndalsøra ser ut til å vere evigvarande!

Hausten 2004 var det også eit tema. Den gongen engasjerte eg meg med eit lenger innlegg om plassering og teknisk løysing. Det stod truleg på trykk i Aura Avis i veke 42 (2004).

Skal ikkje gjenta dette no, men nøye meg med plassering, fordeler og om muleg ulemper.

Eg foreslo plassering i området mellom Driva, bebyggelsen, Sandbrekka og «Storvik». Dette var eit område som enten var friluftsområde eller «udisponert» i reguleringsplanen?

Mulegheiter:

  • Området er så stort at der er plass til meir enn ei «badedam». Det kan verte eit aktivitetsområde.
  • Her kan etablerast sandvollyballbane, montere opp treningsapparat, -turnapparat, fotballbinge, krokettbane, badmintonbane, solingsområde med mykje meir.
  • Ved å regulere vasstanden gjennom vinteren, kan ein også ha skeiseaktivitet her.
  • «Elvepromenaden» skal framleis gå langs elva.

Fordelar:

  • Det ligg sentralt for ein stor del av innbyggarane, med gang og sykkelavstand for heile Sunndalsøra.
  • Det er den staden på Sunndalsøra med minst vind om sumaren.
  • Det er den mest solrike plassen om sumaren.
  • Det er vel ikkje så mange andre måtar å utnytte område på enn til friluftsliv?

Ulemper:

  • Her vil samlast mange born og unge. Dette vil kunne gi ikkje ynskjeleg støy frå musikk og sprudlande leik, for den nærmaste busetnaden.
  • Dette kan enkelt påhjelpast med eit støydempande tungt høgt gjerde.

Konklusjon:

  • Dette vil gi eit attraktivt aktivitetsområde for Sunndalsøra med dei beste bademulegheiter!
Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags