Ladyen gjev ringverknadar for 4,6 mill.

Spel og opera gir pengar i kassa både for hotell, butikkar, kollektivtransport og lokale bedrifter. Det viser ein fersk analyse der seks spel og institusjonar på Nordmøre og Sunnmøre har deltatt.

DEL

I følge rapporten har Lady Arbuthnott 4,6 millionar kroner i ringverknader. 56 prosent av inntektene kjem frå besøkande, opplyser fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding.

Operaen i Kristiansund skapar ringverknader på 11,8 millionar kroner. 64 prosent av inntektene kjem frå tilreisande utanfor regionen. Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival og Nordic Light kan vise til årlege ringverknader på høvesvis 1,6 og 1,9 millionar kroner. Herøyspelet har dei lågaste ringverknadene, ein stad mellom 0,2-0,3 millionar kroner, mens Giskespelet har ringverknader på 1,5 millionar kroner.

– Studiet bekreftar at kulturaktivitetane har positive økonomiske konsekvensar langt ut over dei sjølve. Dei bidrar tydeleg til den samla verdiskapinga i fylket, seier Heidi Iren Wedlog Olsen.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har tatt initiativ til analysen der seks aktivitetar på Nordmøre og Sunnmøre har deltatt: Operaen i Kristiansund, Nordic Light, Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival, Lady Arbuthnot, Herøyspelet og Giskespelet.


Artikkeltags