Charlotte Ervik ny distriktsredaktør ved NRK Møre og Romsdal

Charlotte Ervik er tilsett som ny distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal. Foto: Remi Sagen.

Charlotte Ervik er tilsett som ny distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal. Foto: Remi Sagen.

Charlotte Ervik (44) er tilsett som ny distriktsredaktør ved NRK Møre og Romsdal. Ervik er i dag redaksjonssjef i Møre og Romsdal og tek over etter Hallstein Vemøy.

DEL

Den nye distriktsredaktøren er busett i Ålesund, utdanna journalist og er cand. polit. frå Universitetet i Bergen. Ho har lang journalistisk erfaring, blant anna gjennom leiarstillingar i fleire nyheitsredaksjonar i NRK.

Regionredaktør Sigrid Gjellan i NRKs region midt er glad for å kunne tilsette Ervik som ny distriktsredaktør i Møre og Romsdal.

- Charlotte brenn for journalistikken og kjenner regionen godt. Ho ser moglegheiter og er ein lagspelar med humør og pågangsmot. Eg er trygg på at NRK Møre og Romsdal kjem til å utvikle seg til det beste for publikum med henne ved roret, seier Gjellan.

Charlotte Ervik er både stolt og glad for å ha fått moglegheita til å leie NRK Møre og Romsdal.

Å fortelje gode og viktige historier frå Møre og Romsdal - også i det nasjonale nyheitsbiletet - er ein vesentleg ambisjon for meg og for redaksjonen som heilskap. Eg gler meg til å jobbe vidare med det saman med ein dyktig gjeng.

Artikkeltags