Fylkeskommunen skal kåre Årets Bedrift 2018

Kjenner du ei bedrift, lita eller stor, som fortener utmerkinga Årets bedrift? Send inn forslaget ditt innan 31. januar 2019.

DEL

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet. Derfor deler vi kvart år ut Fylkesprisen Årets Bedrift. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg.

– Vi vil gjerne at folk sender inn forslag til bedrifter dei meiner har gjort ein ekstra innsats i løpet av 2018. Det kan vere på områda innovasjon og nyskaping kompetanse- eller organisasjonsutvikling, eller positive ringverknader for omverda, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Send inn forslaget ditt på mrfylke.no/aretsbedrift

Kriterium

Det er regional- og næringsutvalet som kårar vinnaren. I vurderinga vil utvalet legge vekt på:

  • Bedriftsøkonomisk vurdering
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region, og internasjonalisering)
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenleg produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, hms-profil)

Tingvollost vann prisen i 2017, medan Hydro Sunndal vart vinnar i 2004.

Artikkeltags