Tove-Lise Torve ny fylkesordførar

Avtroppande og påtroppande fylkesordfar: Jon aasen og Tove-Lise Torve - begge frå Ap.

Avtroppande og påtroppande fylkesordfar: Jon aasen og Tove-Lise Torve - begge frå Ap.

Undre konstitueringa av nytt fylkesting måndag, vart Tove –Lise Torve (Ap) valt til ny fylkesordførar for Møre og Romsdal.

DEL

Per Vidar Kjølmoen (Ap) frå Rauma er valt til fylkesvaraordførar.

Det nye fylkesutvalet har 13 medlemmar:

Tove-Lise Torve, Ap fylkesordførar, Per Vidar Kjølmoen, Ap, fylkesvaraordførar, Yvonne Wold, SV, Carl Johansen, MDG, Kristin Marie Sørheim, Sp, Jan Ove Tryggestad, Sp, Randi Walderhaug Frisvoll, KrF, Pål Farstad, V, Frank Edvard Sve, FrP, Anne Marie Fiksdal, FrP, Geir Asle Stenseth, FrP, Anders Riise, H, Monica Molvær, H.

Det nye kontrollutvalet har desse medlemmane:

Terje Hals, NML, leiar, Elise Fiske, H, nestleiar, Gunhild Meringdal, FrP, Mellvin Arvid Steinsvoll, Ap, Maritta B. Ohrstrand, Ap.

Artikkeltags