Nordøyvegen: Fylkesrådmannen må legge fram nye beregningar

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. (Arkiv)

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. (Arkiv)

Det skal utarbeidast en ny kontantstrømanalyse for Nordøyvegen. Dette kan slå positivt ut for prosjektet.

DEL

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik orienterte måndag leiaren i plannemnd for samferdselsutbygging og leiaren i samferdselsutvalet om at det vil bli utarbeidd ei ny kontantstraumsanalyse for prosjektet Nordøyvegen, skriv Fylket i ei pressemelding.

Fylkesrådmannen har fleire gongar, seinast etter møte i fylkesutvalet 26. november, reist spørsmål overfor Atkins – Oslo Economics, om anbefalt kontantstrømmodell tek omsyn til kostnader knytt til lån dvs. renter og avdrag, og tek opp i seg inflasjonsutviklinga over alle 40 åra.

Tilbakemeldinga frå Atkins – Oslo Economics er no at denne inflasjonsproblemstillinga har liten betydning på kort sikt, dvs. 10-12 år, men har større effekt i eit langsiktig perspektiv. Dette vart det underretta om per e-post torsdag 29. november, der Atkins – Oslo Economics mellom anna seier:

«Finansieringsmodeller med så lang analyseperiode og mye usikkerhet som her er krevende uansett modell-tilnærming. I utgangspunktet mente vi en reell modell var enklere å forstå. En reell modell må derimot korrigeres for redusert ‘belastning’ av lånekostnadene (slik kritikken har vært). Det er nominell lånerente minus inflasjon som bør benyttes. Dette har dessverre vært en feil i anbefalt tilnærming.»

Tilrådinga frå Atkins – Oslo Economics kjem etter at dei no har innhenta ei uavhengig tredjepartsvurdering av sitt tilrådde metodeval.

Fylkesrådmannen tek denne tilbakemeldinga til følgje i sitt vidare arbeid med saka, og er no i ferd med å utarbeide ein justert kontantstraummodell i samsvar med Atkins- Oslo Economics si tilråding av 29. november. Effektane av den justerte modellen er planlagt framlagt for samferdselsutvalet onsdag 5. desember. Fylkesutvalet og fylkestinget sine medlemmar vil mellom anna få dei justerte kontantstraumane ettersendt, heiter det i pressemelding.


Artikkeltags