Fekk støtte for «nynorskprosjekt» ved skulane i Sunndal

I samband med at kommunestyret vedtok målform for Løykja og Ålvundfjord skular, fekk Oddveig Gikling-Bjørnå (Sp) fleirtal for eit oversendingsframlegg, der ho tek til orde for at grunnskuletenesta ser på moglegheitene for å køyre eit «nynorskprosjekt» ved skulane i Sunndal.