Svak auke: 101 utan arbeid i Sunndal og Tingvoll

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ved utgangen av mars er det 66 (1,8%) ledige i Sunndal. Dette er ein meir enn månaden før. Tingvoll har no 35 (2,3%) ledige, som er fem fleire enn for ein månad siden.

I Sunndal er arbeidsløysa redusert med ti sidan mars i fjor, medan Tingvoll har fire fleire ledige enn på sammie tid i 2017.

I Møre og Romsdal er det no 3.601 (2,6%) ledige. Det er 42 færre en månaden før, og 939 færre enn på same tid i fjor.

– Arbeidsløysa er omtrent den same som i førre månad. Ein liten nedgang målt i faktisk mengde arbeidslause, men heilt stabilt når vi tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Målt opp mot landet har arbeidsløysa vore svært stabil dei siste månedane. Figuren nedst til høgre syner at vi heilt sidan mai 2017 har hatt ei arbeidsløyse som har vore 0,1 prosentpoeng høgare enn landssnittet, seier fylkesdirektør Stein Veland.

– Det som er spesielt positivt er at den gode utviklinga i Kristiansund held fram. Den siste månaden er mengda med arbeidslause gått ned med 32 og i løpet av det siste året er nedgangen på 169. Dette er mykje samanlikna med Molde og Ålesund der arbeidsløysa høvesvis er redusert med 65 og 163 det siste året. Likevel er Kristiansund framleis blant dei kommunane som har høgast arbeidsløyse. Arbeidsløysa i Kristiansund er 3,6 prosent, mens den i Molde er 2,2 prosent og i Ålesund 2,5 prosent, seier Veland.

– Tross langvarig høgare arbeidsløyse i Kristiansund er ikkje andelen som har vore arbeidslause lenge spesielt høg. For heile fylket har 30 prosent av dei arbeidslause vore arbeidssøkjarar i over 1 år, det tilsvarande talet for Kristiansund er 31 prosent. I dei andre områda i fylket der arbeidsløysa har vore spesielt høg, så som Herøy, Ulstein og Hareid, er situasjonen noko meir alvorsam, då delen som har vore arbeidssøkjarar over eit år høvesvis 36, 38 og 40 prosent, seier Veland.

Artikkeltags