Interpellasjon fra Sunndal SV: – Nei til heliumballonger

Foto:

Jonas Koksvik i Sunndal SV tar opp miljøproblemene med heliumballonger i en interpellasjon til neste kommunestyremøte i Sunndal.

DEL

Interpellasjonen, der Koksvik ber kommunen om å legge ned et forbud mot heliumballonger, har slik ordlyd:

Ordførar, helium har ein del bruksområder som dei fleste nok vil vere enig i at er viktigare enn litt barnsleg moro – med påfølgjande gråt når dei mister den – på 17. mai og andre festdagar. Donald-stemmen du får når du inhalerer helium, tilhører heller ikkje kategorien «viktig».

Langt viktigare er det til dømes at MR-skannere ved sjukehusa er avhengige av det flyktige grunnstoffet. Dei treng iskaldt flytande helium for å kjøle ned dei supersterke magnetane som sørger for at legene kan sjå kva som feiler kroppen din.

Nobelprisvinnar Robert Richardson meinte prisen på ein ballong burde vere nærare 1000 kroner for å gjenspeile kor verdifull heliumgassen eigentlig er.

Og så har vi problemet med plastforureining, desse ballongane som forsvinn i lufta, dei landar på plasser dei ikkje skal vere. Fjellet, vidda og i havet.

Eg meiner at vi som kommune må vere vårt samfunnsansvar bevisst, og gjere det vi kan for å motverke dette. Eg meiner at her må kommunen leggje ned eit forbod.

Eg håper ordføraren og kommunestyret vil støtte meg og mitt forslag.

Forslag til vedtak:

1. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å innarbeide eit forbod mot sal av heliumballongar med virkning frå 01.07.19

2. Rettleiing og vilkår for leige av kommunal grunn til arrangement, festivalar og opplevingsaktivitetar i Sunndal Kommune blir oppdatert til å inkludere eit forbod mot ballongslepp ved arrangement på kommunal grunn.

Når dette er gjort ber vi administrasjonen om at endringane kjem som referatsak.

Artikkeltags