Kommunestyret: Outzen med spørsmål om trafikkstasjonen

Erling Outzen.

Erling Outzen.

Kva meiner ordføraren vi kan gjere for å hindre nedlegging av trafikkstasjonen på Sunndalsøra?

DEL

Det er spørsmålet Erling Outzen SV) stiller til ordføraren i samband med kommunestyret neste veke.

Outzen skriv vidare i spørsmålet:

"Etter det eg forstår, har eit konsulentselskap på oppdrag frå regjeringa foreslått nedlegging av mange trafikkstasjonar i distrikta, blant desse trafikkstasjonen på Sunndalsøra.

Dette føyer seg inn i rekka av sentraliseringstiltak vi har sett i seinare tid. Alt skal visst sentraliserast her i landet no, med den regjeringa vi har. Liksomfaglege råd frå verkelegheitsfjerne «konsulentar» med føringar frå oppdragsgivar kjem i staden for sunt folkevett som tar utgangspunkt i korleis landet vårt faktisk er, korleis vi vil at det skal vere, og at det skal bu folk i distrikta au."

Artikkeltags