Gå til sidens hovedinnhold

Dystre utsikter for Trollheimstunnelen

Artikkelen er over 9 år gammel

Nordøyvegen vil sluke heile potten i lang tid framover.

Den store kostnadssprekken på Nordøyvegen, som i verste fall blir på 1,1 milliard kroner, kjem til å få enorme konsekvensar for dei andre vegprosjekta i fylket. For Trollheimstunnelen, som er prioritert på andreplass etter Nordøyvegen, kan kjempeoverskridinga bli dramatisk.

Det er den svært erfarne samferdselspolitikaren Iver Nordseth (V) frå Smøla som teiknar dette dystre biletet overfor NRK Møre og Romsdal.

Nordseth er medlem av samferdselsutvalet i fylket. Han har tidlegare vore leiar for utvalet.

Nordseth karakteriserer Trollheimstunnelen som «nærmast uhandterleg» med dei tala som no ligg føre for Nordøyvegen.

Les om saka i Sunnmørsposten.