Leivdal får fylkeskulturprisen

Nils-Tore Leivdal (th) var primus motor for Nordmørskveldane i Innerdalen i 19 år. Her med Iver Innerdal.

Nils-Tore Leivdal (th) var primus motor for Nordmørskveldane i Innerdalen i 19 år. Her med Iver Innerdal.

For omfattande og langvarig kulturarbeid.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Aura Avis i en hel måned for KUN 1 kr!

MOLDE: Grunngjeving for pristildelinga kan sammenfattast i fire hovudområde der han har gjort eit omfattande og langvarig kulturarbeid.

Nils Tore Leivdal har vore med i folkemusikklag, skrive i folkemusikkblad og spela sjølv. I 19 år har han arrangert Nordmørshelga i Innerdalen. Han har vore aktiv utøvar som folkemusikar, folkedansar og organisasjonsmann.

Nils Tore Leivdal har samla mykje lokalt stoff gjennom sitt arbeid med gards og ættesoger og ulike jubileumsskrift. Mellom anna har han skrive gards- og ættesoger for Smøla, Halsa og Gjemnes.

Nils Tore Leivdal har mellom anna teke vare på garden Furuli ved restaurering av gammal bygningsmasse. Han har restaurert Flåbergsetra i Batnfjord og halde ope setermuseum om somrane med arr. av kulturdagar.

Alt han har skrive er skrive på nynorsk. Han starta med å vere styremedlem i Voss off. Gymnas sitt mållag og var formann av Volda elevmållag. Han har sidan vore akitiv i målrørsla.

Fylkeskulturprisen er ein diplom og 50.000 kroner. Prisen blir delt ut i samband med opning av Fylkestinget i Geiranger 12. desember. Fylkeskulturprisen blir delt ut av fylkesordføraren og leiar av kultur- og folkehelseutvalet.

Artikkeltags