Gå til sidens hovedinnhold

– Miljøsjarlatanar får styre debatten

Artikkelen er over 10 år gammel

– Har vi vorte så fisefine at vi ikkje toler å sjå resultatet av vårt eige forbruk?

SUNNDAL: Knut Reinset, varaordførar i Sunndal og mangeårig lokalpolitikar for Senterpartiet, meiner at motstanden mot kraftlina gjennom Hardanger bygger på feil premisser. Han hevdar at motstandarane i stor grad har latt seg forføre av det han kallar miljøsjarlatanar som lever av demonstrasjonar, og stiller seg undrande til at så mange ansvarlege politikarar deltek i hylekoret.

FORNYBAR OG REIN

– Alle lever av naturen, uansett bustad og yrke. Det store spørsmålet i dag er om samfunnet skal basere seg på fornybare eller ikkje fornybare ressursar. I dag smører vi økonomien med ikkje fornybare ressursar som olje og gass. Slik kan det ikkje halde fram. Vasskraft er ein fornybar og rein ressurs. Difor meiner eg at framføring av slik energi bør ha forrang framfor mykje anna. Det må byggast ut meir vasskraft, seier Reinset, som også viser til at mastene i Hardanger knapt vert synlege frå Hardangerfjorden. Stort sett vil dei ligge i ly av fjella. Han meiner «monstermaster», som er normale master som finst mange plassar i landet, er eit omgrep som bevisst er bruka for å skape eit feil inntrykk av utbygginga.

IKKJE STATISK

Reinset er oppteken av å få fram at mennesket set spor over alt, og at naturen ikkje er statisk.

– Det klassiske vernet er ikkje realistisk. Naturen endrar seg frå dag til dag, uavhengig av vår bruk - eller eventuelt misbruk. Planter og tre veks og døyr heile tida. Vi kan forvalte naturen, men ikkje verne den. Men alt er så kortsiktig i vår tid. Vi skal ha det fint her og no. Miljøforkjemparane nyttar eit kvart høve til å hausse opp stemninga. Om dei gjer dette ut frå rein kynisme, eller om det botnar i mangel på kunnskap, er eg usikker på.

– Handlar ikkje forvalting også om å ta omsyn til komande generasjonar?

– Nettopp på grunn av dei er det at vi må satse på fornybar energi. Skulle så våre etterkomarar meine at det var feil å bygge lina gjennom Hardanger, kan dei rive både master og kablar. Naturen vil ta alt tilbake, og såra vert over tid utviska.

DÅRLEG ALTERNATIV

– Kvifor kan ikkje lina gjennom Hardanger leggast i sjøkabel?

¬ – Mellom anna fordi fjorden er rundt 800 meter djup. Det gjer eventuelle reparasjonar svært kompliserte. Sjøkabel er også eit dårleg alternativ fordi det gjer det umogleg å koble på meir straum undervegs.

– Er ikkje Hardanger-striden ei symbolsak, der distrikta står opp mot Oslo-makta som ikkje vil lytte?

– ¬I så fall er det for distrikta sin del ei svært dårleg symbolsak.