Nynorsken fram i lyset

Nådde mange mål: Nils Ulvund med prosjektrapporten, som viser at tre år med hardt arbeid ga resultat.

Nådde mange mål: Nils Ulvund med prosjektrapporten, som viser at tre år med hardt arbeid ga resultat.

Av

Dialog ga resultat.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Aura Avis i en hel måned for KUN 1 kr!

SUNNDAL: Nordmøre Mållag har nettopp avslutta prosjektet «Språkkulturen - styrt eller i fri flyt?» Nils Ulvund, som har stått i bresjen for tiltaket, er godt nøgd med resultatet.

– Vi har nådd mange av dei måla som vi sette oss. I tillegg er vi også på veg mot mål som på førehand framstod som urealistiske, seier Ulvund.

Hovudmålet med prosjektet har vore å fremje nynorsk i barnehage, skule, kommunar og aviser. I tillegg skulle dette arbeidet vere til inspirasjon og nytte for andre lag.

FRIKJØPT

Prosjektet starta i 2007. Sidan da har Ulvund i tre år vore kjøpt fri frå ti prosent av lærarstillinga si for å drive fram tiltaket. Ti prosent er fire timar i veka. Ulvund, som hausta stor ros for innsatsen sin under lokallagsseminaret på Tingvoll sist laurdag, legg ikkje skjul på at tidsbruken har gått langt ut over denne ramma.

– Eg meiner det er rett veg å gå at laga kan kjøpe folk fri på denne måten. Slik legg ein til rette for at dei som vil gjere ein innsats for fellesskapet får tid til det.

SYNLEGGJERING

Ulvund er oppteken av at nynorsken må vere synleg. Folk treng å sjå at språket er i bruk til dagleg.

– Tillit og toleranse er to sider av same sak. Byggjer vi tillit til nynorsken, vert den også i større grad tolerert.

Med bakgrunn i denne tanken har språkprosjektet i stor grad vore retta mot barnehagar og aviser. I prosjektrapporten vert det konkludert med at mange barnehagar og skular no brukar stoff frå lokalkulturen på ulike måtar. Medvitet om verdien av å gjere nynorsk synleg og ta nynorsk i bruk i oppslag, informasjon til foreldra og i lesing til borna har auka. Ein ivrig pådrivar på dette området har vore barnehagestyrar Randi Dørrum.

Også ute i avisene har mållaget møtt stor velvilje. Ulvund konstaterer at det i løpet av prosjektperioden har vorte større innslag av nynorsk både i Aura Avis, Tidens Krav og Driva.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

– Dialogen med avisene har vore svært god. Avisene har eit ansvar for språket, og redaktørane tek dette på alvor.

UTFORDRING

Kommunane var også ei målgruppe for prosjektet. Der har ein oppnådd mindre gjennomslag. Mellom anna måtte eit planlagt seminar om skriftkulturen i kommunane avlysast p.g.a. dårleg påmelding.

– Dei fleste kommunane på Nordmøre er språknøytrale. Som språkforvaltarar og skuleeigarar har desse eit ansvar å ta vare på, seier Ulvund, som likevel meiner at ting også her er på glid.

Minst tre kommunar på Nordmøre har teke inn punkt om skriftkulturen i den kommunale kulturplanen etter initiativ frå prosjektet, og eit skrivekurs for kommunalt tilsette er under planlegging.

GODE STØTTESPELARAR

Gåver frå eksternt hald har vore med på å sikre økonomien i prosjektet. Mellom anna har både Sunndal kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vore rause med midlar. Også frå bank og forsikring har det kome tilskot.

Ulvund vil i tillegg trekkje fram Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Norges Mållag, som ein svært verdifull støttespelar.

– Kvar går vegen vidare - Nordmøre Mållag legg vel ikkje prosjektet i ein skuff etter tre års arbeid?

– Nei, det kjem ikkje til å skje. Utan at noko vedtak enno er fatta, kan eg seie at det vil bli ei eller anna form for oppfølging, seier Nils Ulvund.

Artikkeltags