Nynorsk kultursentrum: Lokalt språk krev regionale tiltak

Av
DEL

Lesarbrev I Møre og Romsdal står nynorsk sterkt. 16 kommunar er nynorskkommunar og 10 er nøytrale. Ingen er bokmålskommunar. Det er nynorskklassar i grunnskulen i 22 av 26 kommunar. Frå Vanylven og Volda i sør til Aure og Surnadal i nord er nynorsk kvardagsspråk for mange.

Sjølv om nynorskbrukarar ofte er i fleirtal i mange samanhengar i Møre og Romsdal, så er ein oftast i mindretal nasjonalt. Det å sjå sitt eige språk i bruk gjer nynorskbrukarane tryggare, og er med på å syne respekt for denne viktige delen av nasjonal og regional kultur.

Derfor seier den nye språklova at kommunar og fylkeskommunar skal ta særleg ansvar for å fremje nynorsk. Denne lova vert behandla av Stortinget i haust, og skal sikre både bokmål, nynorsk og andre språk i Noreg vern og styrke i framtida.

Ganske parallelt drøftar Møre og Romsdal fylkeskommune om ein skal byte frå seg nynorsk som administrasjonsspråk. For å gjere nynorsk så synleg og tilgjengeleg lokalt og regionalt som mogleg er det viktig at fylkeskommunen nyttar nynorsk i tenestetilbod, annonsering og administrasjon.

Med den nye språklova skal fylkeskommunen i all kommunikasjon med kommunane nytte språket dei sjølve har vedteke. Det er 16 nynorske og 10 nøytrale kommunar. Det tyder at mest effektivt er det å saksbehandle alt på nynorsk i første omgang. Då kan det brukast til alle.

Vernet for nynorsk vert sterkare i den nye språklova. Vi vonar fylkespolitikarane tek ansvar, stør opp om føremålet til lova, og framleis sikrar at Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken