Olja og framtida

Øystein Folden. (Arkiv)

Øystein Folden. (Arkiv)

Av
DEL

LeserbrevDet går nokre diskusjonar om samfunnet bør setje inn store bergingstiltak for oljearbeidsplassane i Møre og Romsdal. Svaret vil variere ut frå kva ein tykkjer er viktigast. Men naturlovane gjeld for alle.

Oljenæringa har som føresetnad at ein i løpet av eit par hundre år tar ut ein ressurs som er laga i naturen gjennom millionar av år. Når det er tomt, så er det tomt. Alle moglege tankar om at vi må finansiere velferda vår av olja kan ein då berre gløyme. Ei velferd bygd på olje vil ta slutt. Spørsmålet er om vi skal gjere det kontrollert og med stil, eller med ein brutal bråstopp når det ikkje er meir igjen.

Så har vi dei seinare åra oppdaga at det store problemet er at det blir fullt av noko og ikkje tomt. Vi tar olja ut av det langvarige krinslaupet og flytter det over til det kortvarige som ikkje rommar så mykje. Dermed blir det så mykje CO2 i atmosfæren at det skapar masse problem for oss. Skadeverknadene kostar så mykje at det blir ikkje noko overskot til velferda.

Når Erik Aukan uttalar i eit lesarbrev nyleg at «fordi oljen vi produserer også betaler for dette» så er dette ei dobbel misforståing. Det er naturen og ikkje vi som produserer olja. Vi menneske forsyner oss av det som naturen har laga. Når vi betalar tilbake til naturen for dette og skadeverknadene, så er det ikkje noko igjen. Det er ikkje olja som no betalar vår velferd. Det er at vi låner ressursar og pengar frå våre barn og barnebarn og ikkje betalar for skadane vi lagar, som i betydeleg grad gir oss vår velferd.

Kva så med arbeidsplassane knytt til oljenæringa? Med oljenæringa fekk vi arbeidsplassar med høg timeløn. Det ser ut som det er mange arbeidsplassar, men det er kanskje ikkje så mange som vi trur. Dessutan forsvann det mange arbeidsplassar då olja kom. Det var ein heil del arbeidsplassar som ikkje lenger leverte høg nok løn. Dei blei borte. Eller dei blei erstatta av maskinar. Eller dei finst framleis fordi arbeidet må gjerast, men Ola og Kari gjer alt dei kan for å ikkje drive med slikt. Det er berre i koronatider at det kjem fram. Det mangla plutseleg ein hel masse folk i landbruket. Det er noko med transportnæringa også. Ser ein nøyare etter, så er det ein del yrker der ein får mistanke om at importert arbeidskraft dekker opp fordi Ola og Kari ofte vel noko anna. Den dagen dei oljesmurde lønningane forsvinn, då vil ein heil masse arbeidsplassar igjen bli lønsame.

Oljeindustrien fekk seg ein karamell for nokre få år sidan, og no får dei ein ny ein når dei var i ferd med å reise seg. Vi kan like gjerne ta eit stort steg for omstilling no, framfor å legge eit løp mot ein endå større karamell om nokre få år.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags