Gå til sidens hovedinnhold

Ope brev til ordførar i Tingvoll, Ingrid Waagen: - No er vi reelt uroa

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den 27. mai gjekk UNIO ut i streik, da det ikkje vart semje med KS verken i forhandlingar eller mekling. I dag er det opptrapping, og meir enn 20 000 tilsette med høgare utdanning i kommunesektoren streikar. Du er ordførar og øvste politiske leiar i Tingvoll kommune, og sjølv om ingen i vår kommune er i streik no, så representerer du arbeidsgjevar (KS), derfor eit brev til deg for å seie noko om årsaka til konflikten.

Kompetansen til UNIO-medlem dekkjer mange fagfelt: Lærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring, sjukepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. Vi er tilsett i kommunal administrasjon, vi er bibliotekarar og akademikarar. Felles for oss alle er at vi bur og arbeider i kommune–Noreg, ryggrada i velferdstilbodet som alle innbyggjarar er avhengige av: Dine barn eller barnebarn på barnehage og skule, di bestemor på sjukeheim eller deg sjølv på opptrening etter sjukehusopphald. Det er vi som finn og vedtek hjelpetiltak i kommunen, bemannar biblioteka, og det er vi som sørger for forsvarlig sakshandsaming. Vår innsats sikrar gode kommunale tenester.

Det er vi som strekk oss enda lenger når kommunebudsjetta blir trongare, det er vi som spring fortare og får fleire oppgåver og større ansvar i ein allereie pressa arbeidsdag. Noregs velferd er avhengig av UNIO-medlemma. Dei som no er ute i streik.

Vi er stolte av jobben vi gjør, av arbeidsplassen og av kommunen vår. Kvar dag går våre medlem på jobb i din kommune for å løyse komplekse oppgåver på sjukeheimen eller i barnehagen, utan tanke på profitt eller bunnlinja i bedrifta. Ikkje fordi vi ikkje forstår at pengar og budsjett er viktig, men fordi vi stort sett jobbar med menneske eller med verdiar som det ikkje kan settast ein prislapp på.

Men no er vi reelt uroa. Mange av oss er beint frem redde for kva tenester vi greier å tilby. Det er hovudgrunnen til at vi streikar. Når vi roper om at det kvart år blir gjennomført over 6 millionar undervisningstimer av ukvalifiserte i skulen, at det allereie manglar 7 000 sjukepleiarar, at barnehagar har dispensasjon frå pedagognormen fordi vi manglar 2 500 barnehagelærarar, så er det ikkje for vår egen del. Vi roper for oss alle!

Vi blir alle gamle eller sjuke og treng hjelp i heimen. Ein gong i framtida skal barnebarna møte ein barnehage med kvalifiserte pedagogar og en skulekvardag der undervisninga skjer av en lærer. Vi ønsker at utgreiingar til kommunestyret skal være god, og at bestemor også i framtida skal møte ein sjukepleiar som har tid til samtale samtidig som han gir nødvendig helsehjelp.

Det HER er vår uro, og det er det HER som gjer at vi streikar. Men vi treng hjelp frå deg. Du og lokalpolitikarane utgjer KS. Og KS er til for at innbyggjarane skal få gode tenester. Det er du og dine politikararkollegaer i kommunestyra som legg premissa, og det er dokker som vel retninga for framtidas kommune–Noreg.

Rekrutteringsutfordringane vil ikkje bli løyst i dette oppgjeret aleine. Men vi trur at løn er eitt av verkemidla som kan rekruttere og behalde høgt utdanna yrkesgrupper i kommunal sektor. Dersom det skal tilsettast ein kommunaldirektør eller ein personalsjef blir løn ofte sett på som viktig for å rekruttere gode kandidatar. Vi undrar oss over at dette ikkje skal gjelde lærarar og sjukepleiarar.

Vi trur at du ønskjer deg det same som oss: Kommunar der nok kvalifisert personell fortsatt utgjer ryggrada i velferdsstaten. Vi håper du tar med deg desse tankane inn i vidare politisk arbeid og inn på KS sin arena.

Med vennleg helsing og håp om at konflikten snart går mot ei løysing.

Kommentarer til denne saken