Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Frå måndag 19.september er over 8000 lærarar i streik, og mange ungdommar går glipp av gode skuledagar med verdifull opplæring. Vi uroar oss saman med elevane, foreldra og andre.
Både over konsekvensane av streiken, men ikkje minst for skulen på sikt.
Lærarane er lønstaparar for sjette år på rad, vi har hatt ein lågare lønsvekst enn dei andre tilsette i kommunane og fylka. Dette skjer samtidig som lærarmangelen er kritisk. Nesten kvar femte som jobbar som lærer i skulen manglar lærarutdanning, ifølge tal frå SSB. Til sjuande og sist er dette ein streik for framtidas skule.
Sjølv om Sunndal og Tingvoll ikkje er dei «verste i klassen», så har vi òg folk utan lærarutdanning i klasseromma. Og på dei vidaregåande skulane er det mange som manglar formell kompetanse. Vi forstår at ein tømrar vegrar seg for kanskje både å gå ned i løn i tillegg til å ta lærarutdanning, men vi veit òg at lærargjerninga krev meir og breiare kompetanse enn å vere ein god tømrar.
Regjeringa si politiske plattform lovar å «møte den varslede lærermangelen med en bred satsing på å rekruttere, utdanne og beholde flere kvalifiserte lærere». Det er eit tverrpolitisk mål om satsing på høg lærarkompetanse. Utdanningsforbundet trur på politikarane når dokker legg fram ambisjonar for norsk skule. Og vi ber om at dokker tar kontakt med KS-styret for å få KS tilbake til forhandlingsbordet. KS-styret består av politiske representantar med raudgrønt fleirtal.
Utdanningsforbundet har lagt fram forslag som kan bidra til å gi elevane fleire lærarar med lærarutdanning, til at lærarane ikkje blir lønstaparar nok ein gong – og som kan gi lærarar med lang utdanning og erfaring eit betre resultat. Løysingsforslaget var edrueleg og kunne gjennomførast utan å bryte frontfagsramma.
Vi vil gjerne avslutte streiken og opne klasseromma igjen. Vi ber om at dokker tar kontakt oppover i partisystemet, og med KS, med tanke på å finne ei løysing på konflikten, slik at vi saman finn løysingar med gode og høge ambisjonar for ein god skule.