Aura Avis skriv 2022-01-02 at Nordmøre Torsk AS, som er heleigd av Gadus Holding AS i Ålesund, har søkt om oppdrett av torsk på tingvollsida av Ålvundfjorden. Dei har no og søkt om å få oppdrette torsk på Mjølkill.

Hyttefolket rundt Ålvundfjorden vaknar, er redd at idyllen blir øydelagt og går mot.

Erling Outzen skriv ein interpellasjon til kommunestyremøtet 2022-02-16 mot torskeoppdrettet.

Aura Avis skriv 2022-01-28 om sovande politikarar; Ordføreren medgir at Sunndal sov i timen da sjøområdeplanen for Ålvundfjord ble vedtatt: - Mange med meg føler seg nok tatt på senga

Driva skriv 2022-02-04 om skeptiske senterpartikarar. Jørgen Singsdal forsto ikkje i 2018 då kommunedelplana for sjøområda vart laga, at det kunne kome oppdrettanlegg på areala for oppdrett. Han syntest oppdrettsnæringa er for dårlig skatta og han var redd for at alle pengane skulle gå til den belgiske eigaren.

Eg trur Nordmøre Torsk AS som vi starte med torskeoppdrett på Nordmøre, har sett på kartet og funne områder om kan nyttast til akvakultur. Dei har og kanskje sett på næringsplaner og funne at Sunndal har Akvakultur som eit satsingsomåde.

Sjøområdeplana for Nordmøre vart vedteken i 2018 etter fleire års godt arbeid og høyringar. Plana viser 4 områder i Sunndal kommune som kan nyttast til kombinerte formål. Sunndal kommunestyre vedtok plana einstemmig i møtet 2018-06-13, sak 52/18. Saka hadde først vore innom formannskapet. Mange framståande sunndalpolitikarar som Refstie, Outzen, Singsdal og Andreassen, var med.

Det er ikkje først gongen at torskeoppdrett er aktuelt i Sunndal. I 2008 vart eit selskap som heitte Møretorsk AS stifta. Dei hadde på Rykkjem ein konsesjon for torskeoppdrett.. Sunndal kommune var via sitt stråselskap SUNS, eigar av vel 20%. Kommunen tok eigarskapet til eiga hand i 2014, og var med fram til 2019 då selskapet vart avvikla. Møretorsk AS som nok var for tidleg ute med torskeoppdrett, kosta kommunen om lag 200 000 kr i tapt aksjekapital og teskott.

Ordføraren er kommunen sin representant i generalforsamlingar, og var som tidlegare styreleiar i SUNS og ordførar, vel kjend med lokalt torskeoppdrett. Sjøl om kommunen åtte vel 20% av Møretorsk, er det ikkje noko å finne i arkivet om generalforsamlingane.

Ålvundfjorden frys til kvart år, og somme år kan isen bli tjukk. Drifta av eit mæreanlegg som er flåte- og båtbasert, vil bli hindra når det frys til. Anlegget blir reve med når isen går. Å plassere eit mæreanlegg i Ålvundfjorden er derfor ikkje lurt. Eg tvilar på at nokon vil ta forsikringa eller finansiere tiltaket.

Eit mæreanlegg legg beslag på eit sjøområde som ikkje kan nyttast til fisking. Det er ei ulempe for fiskarane.

Fiskeoppdrett som er ei lønsam næring i vekst, har gjeve arbeid og inntekt til folk i utkantane. Det trengst arbeidsplassar i området rundt Ålvundfjorden og. Akvakultur skal etter næringsplana vere eit satsingsområde i Sunndal.

Eg synest vi derfor skal ønskje oppdrettarane og tingvollgjeldingane lukke til, men tilrå at anlegget blir flytta så langt ut i fjorden at det ikkje frys inn.