Laftestokkane vart til tømmerhytte

Deltakarane: Frå venstre: Per Johan Hafsås, Øksendal, Svein Lindstad, Kristiansund, Hans Hafsås, Øksendal, Anton Simonsson, Eidsbygda, Rolf Trygve Lervik, kurshaldar og instruktør, Lars Flatvad, Grøa, Tore Rød, Eresfjord, Kris Claessen, Ålvundfjord, Eigil Sannan, Tingvoll.

Deltakarane: Frå venstre: Per Johan Hafsås, Øksendal, Svein Lindstad, Kristiansund, Hans Hafsås, Øksendal, Anton Simonsson, Eidsbygda, Rolf Trygve Lervik, kurshaldar og instruktør, Lars Flatvad, Grøa, Tore Rød, Eresfjord, Kris Claessen, Ålvundfjord, Eigil Sannan, Tingvoll. Foto:

Gjennom åtte intensive dagar, er no ein stabel med laftestokkar forvandla til ei lita tømmerhytte av åtte ivrige kursdeltakarar og ein instruktør.

DEL

Deltakarane kjem frå Romsdal, Nesset, Kristiansund, Tingvoll og Sunndal. Kurset starta på nyåret, og vart avslutta no siste helg.

Kurs-staden var laftehallen til Lervike AS, ei bedrift som Rolf Trygve Lervik saman med andre har bygd opp på heimegarden i Jordalsgrenda i Sunndal. Sjølv om han lever av slikt tradisjonshandverk, er han ikkje redd for å lære bort kunster og knep til fleire. Han har sjølvsagt tømra sitt eige hus.

– Tømmerhus er best å bu i. Dette er den mest berekraftige buforma, meiner han. Det meste er kortreiste byggevarer, der framande industriprodukt er minimalisert. Helsevinsten kan vere stor for dei som bur i slike hus. Attpåtil kan dei konkurrere med vanlege hus i byggekostnad, seier han. Han har teke konsekvensen av dette standpunktet. Det er blitt viktig for han å lære bort lafteteknikken. Han legg til: – Eg skal heller ikkje underslå at eg synes det er artig og sosialt å arrangere slike kurs, seier han.

I løpet av kurset kom det fram at dei fleste av deltakarane hadde sine prosjekt i bakhovudet når dei melde seg til kurs. Dømer ein etter iveren som vart lagt for dagen, er det all grunn til å tru at nokre planer står nærare ei gjennomføring etter dette.

Å lafte hus av heiltømmer er ein tusenårig byggemetode med rike tradisjonar. Opphaveleg var øksa hovudreiskapen. No har meir og meir moderne reiskap tatt over, i større eller mindre grad er også laftinga industrialisert. Det kan nok mengdene av nye hyttebygg rundt om i landet vitne om. Men det er framleis fullt mogleg å gjere dette med øks og sag på eigen gard og av eige tømmer. Dette meiner Rolf Trygve Lervik, som gjerne lærer bort korleis øksa skal svingast.

Artikkeltags