Gå til sidens hovedinnhold

Senterpartiet og EØS

MENINGER

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

EU-tilhengarane i H, V og AP må slutte å skremme folk med at SP vil skrote EØS-avtalen og at Norge plutseleg over natta vil stå utan handelsavtale med EU. Det er ikkje sant.

Senterpartiet støttar naturlegvis eksportnæringane sitt behov for føreseielege rammer og god tilgang til den europeiske marknaden. Vi meiner Stortinget bør utgreie eit alternativ til EØS-avtalen som sikrar større sjølvstyre, mellom anna over distrikts-, nærings- , energi- og arbeidslivspolitikken. Vi vil ikkje «skrote EØS» utan at vi har eit betre alternativ. Vi meiner EØS-avtalen er ein husmannskontrakt. Det var den i 1993, og ettertida har vist at EU-venlege regjeringar ikkje har nytta handlingsrommet i avtalen.

Som Roy Pedersen, leiar i Nei til EU skriv: «Oppsummert betyr EØS-avtalen at Stortinget med vanlig flertall fratas makt bit for bit. Det sosialdemokratiske felleseiet nedbygges. Forskjellene øker. Den norske modellen angripes fra toppen og forvitrer i bånn. Ja-sida med Høyre og NHO i spissen støtter normalt alle EU-direktiv. Det samme gjør toneangivende media. Ap slår altfor ofte følge.»

Ved eventuell oppseiing av EØS-avtalen trer frihandelsavtalen i kraft, og den sikrar norske industrivarer marknadstilgang til EU. Veterinæravtalen som gjer at grensekontrollen for fisk og husdyr fell vekk mellom Norge og EU er sjølvsagt ei forenkling for seljarar og kjøparar, men like sjølvsagt ein risiko for å spreie smittsame sjukdommar. Men EØS er ikkje ein føresetnad for forenkla grensekontroll. Norge fekk t.d. til ein avtale med Storbritannia som vidareførar Veterinæravtalen sine dokumentkrav. Elles kunne det kanskje vere ein tanke å foredle meir av fisken vår sjølv og eksportere ferdigvare i staden for å sende fisken verda rundt og ta tilbake fiskepinnar osv.

EØS legg kraftige band på norsk distrikts-, næringspolitikk og arbeidslivpolitikk, som arbeidsgjevaravgift, offentlege anskaffingar/anbod også på tenester. Vi har allereie sett fleire negative effektar av dette for næringslivet i vårt fylke.

Fleire land har sikra seg full tollfri tilgang ti EU-marknaden dei siste åra, inkludert foredla fisk, utan å ha forplikta seg til å betale store summar til EU årleg, slik vi gjer gjennom EØS-avtalen. Somme land har også sikra tollfri tilgang til EU-marknaden i kombinasjon med reglar for tenester, utan å ha underlagt seg EU-reglane for fri flyt av arbeidskraft med påfølgjande dumping av lønn og arbeidsvilkår gjennom m.a. bemanningsbyrå.

Kraftkrevjande industri, norske verksemder og forbrukarar skal ha ein lågast mogleg straumpris og vi seier derfor nei til ACER. Senterpartiet, SV, Rødt og FrP stemte mot EU’s 3.energipakke. SP, SV og Rødt står i lag mot EU-tilpassing som ikkje gagnar norsk arbeidsliv.

Norge utanfor EU har handlefridom i internasjonalt miljøsamarbeid, ei rolle EU-land som Sverige og Danmark ikkje har, da EU skal snakke med ei røyst. Norge har blant anna vore viktig pådrivar for bindande energieffektiviseringskrav til internasjonal skipsfart og global regulering av kvikksølv.

Eit anna argument som vert brukt er at EØS-avtalen fjernar tekniske handelshindringar. Men WTO-reglane om ikkje-diskriminering seier at når EU eller eit kvart WTO-land har meldt inn sine standardar, skal dei gjelde utan unntak for alle utanlandske eksportørar. Viss Norge går ut av EØS, er produktstandardane i EU og Norge identiske etter 25 år med harmonisering. Norske produkt skal ha tilgang til EU utan hindringar, slik også produkt frå EU har tilgang til Norge. Arbeidet med å etablere internasjonale tekniske standardar skjer uavhengig av EU, for eksempel i Den europeiske komiteen for standardisering (CEN), der land utanfor både EU og EØS er medlemmar.

Ingen land har villa kopiere EØS-avtalen, som frå norsk side var Gro Harlem Brundtland sitt alternativ til EU-medlemskap, og så nært opp til det som mogleg, da folket sa nei til EU. Stortingsfleirtalet har på område etter område gitt meir makt til EU, og med enorm auke av byråkrati og store kostnader for landet.

Erna Solbergs regjeringskonstellasjonar har i fleire saker oppnådd fleirtal for å overgi myndigheit til EU-byrå, EU-kommisjonen og til og med EU-domstolen. Resultatet er at EFTAs organ i EØS blir parkert og handlingsrommet låst. Innføringa av EUs fjerde jernbanepakke og ACER-saken er dei grovaste eksempla, til no. Det er interessant at argument som folkestyre ikkje er trekt inn i det heile, men å dra inn meir enn laust funderte argument som forsvar, vaksinesamarbeid og klimasamarbeid som argument for EØS-avtalen blir vekta høgt, utan dokumentasjon på fakta.

No har til og med folkestyrepartiet Venstre programfesta EU-medlemskap. Eg reiste rundt i EU-kampen saman med Odd Einar Dørum, og la meg på minne hans sterke og gode argumentasjon mot EU-medlemskap. No vil Venstre ha omkamp. I Senterpartiet vil vi heller utforske korleis vi skal styrke folkeviljen gjennom eit alternativ til EØS.

Kommentarer til denne saken