Sju koronapasientar på sjukehus i Møre og Romsdal
Ein pasient er utskreven i Kristiansund, slik at talet på innlagde har gått ned med ein frå søndag.
Helse Møre og Romsdal sendte mandag kl. 10.15 ut denne statusoppdateringa:
Ålesund sjukehus: 1 innlagd koronapasientar ved kohortavdelinga. Tilstanden til pasienten er etter forholda god.
Volda sjukehus: 2 innlagde koronapasientar. Ein pasient på kohortavdelinga. Tilstanden er etter tilhøva god.Ein pasient på intensiv, tilstand er i betring.
Kristiansund sjukehus: 2 innlagde koronapasientar. To pasientar får intensivbehandling. Tilstanden for desse er alvorleg, men stabil.
Molde sjukehus: 2 innlagde koronapasientar. Tilstanden for den eine pasienten er framleis alvorleg, men stabil. Den andre pasienten ligg innlagd ved kohortavdelinga og pasienten er i betring.
Totalt 7 pasientar med koronasmitte er innlagd i HMR pr. kl.1 0.15
Kommentarer til denne saken