Som i resten av landet har talet på besøkande på biblioteka gått kraftig ned under pandemien. Tal frå fylkesstatistikken viser at besøket på biblioteka i fylket falt med 36 prosent frå 2019 til 2020. På landsbasis er nedgangen på 38 prosent. Det skriv Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Rådgivar bibliotek Anne Askeland ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune seier at nedgangen skuldast pandemien.

- Dei fleste bibliotek har hatt heilt stengt i periodar, nokon har hatt take-away-teneste med utlevering av bøker. Andre har hatt begrensa antall personar på besøk i gongen. Og enkelte kombinasjonsbibliotek har berre opna for skolane i periodar, seier Askeland.

Tar i bruk biblioteka

No skal biblioteka igjen takast meir i bruk. Denne veka startar ein serie på tre regionale samlingar. I Tingvoll, Sykkylven og Volda skal tilsette på biblioteka og personar frå frivillige organisasjonar saman med Voksenopplæringsforbundet møtast for å sette søkelyset på livslang læring i biblioteka, og på biblioteka som kunnskapsaktørar.

- Vi håpar at samlingane kan vere eit stad for å knytte nye nettverk og opprette nye samarbeid. Frivillighetens år blir feira i 2022, og vi håper at samlingane kan vere eit grunnlag for å få starta opp både nye og gamle samarbeid - og for å få meir aktivitet i biblioteka etter koronapandemien, seier Askeland.

Fell utanfor systemet

Tema for samlingane er mellom anna ungdom og unge vaksne som fell utanfor systemet og ikkje tek del på skule eller i arbeidslivet, og korleis biblioteka kan vere ein ressurs for dei eldre i befolkninga. Det vil vere ei erfaringsutveksling mellom bibliotek og frivillige organisasjonar.

Besøk på biblioteka i kommunane i fylket i 2019 og 2010

Kommune20192020Endring
Aukra8 4755 000-41 %
Aure6 9724 151-40 %
Averøy7 9494 219-47 %
Eide4 144

Fjord
5 572
Fræna 14 720

Giske15 3189 912-35 %
Gjemnes3 7682 256-40 %
Halsa 2 798

Haram20 335

Hareid20 30313 685-33 %
Herøy22 85315 889-30 %
Hustadvika
13 334
Kristiansund84 30657 158-32 %
Midsund 3 217

Molde93 38857 233-39 %
Nesset 3 663

Norddal4 583

Rauma21 61014 325-34 %
Sande4 5003 750-17 %
Sandøy 7 969

Skodje 16 354

Smøla21 80017 500-20 %
Stordal 2 480

Stranda10 0004 500-55 %
Sula29 02220 357-30 %
Sunndal30 73725 000-19 %
Surnadal24 5927 652-69 %
Sykkylven16 5978 125-51 %
Tingvoll19 5967 104-64 %
Ulstein65 99533 240-50 %
Vanylven4 0003 825-4 %
Vestnes30 76621 841-29 %
Volda*35 00024 000
Ørskog 4 341

Ørsta28 48018 410-35 %
Ålesund227 492185 161-19 %
Møre og Romsdal918 123583 199-36 %
Landet25 851 12115 911 969-38 %

*Inkl. Hornindal frå 2020

Kjelde: Fylkesstatistikken for Møre og Romsdal