Gå til sidens hovedinnhold

Stopp Møreaksen!

Når folket i heile Møre og Romsdal blir forsøkt tilsidesatt av nokre få politikarar, er demokratiet parkert.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Vi veit best, og alle må berre finne seg i at «fagfolket» veit best, seier Høgre, SP og AP.

Kva snart 80% av innbyggjarane her i fylket måtte meine om kva som er beste løysings for kryssing av Romsdalsfjorden, bryr Orten, Høgre, SP og AP seg fint lite om.

Aldri har det vore større folkeleg engasjement iking ei samferdselssak her i fylket, og aldri har svaret frå eit svært stort fleirtal her i fylket vore klarare, - STOPP MØREAKSEN !

Uansett kvar eg ferdast, på Søre Sunnmøre, Sunnmøre, Romsdalen eller på Nordmøre, så er folk rett og slett sinte over at folket her i fylket skal tvingast med E-39 gjennom Molde, langt ut på Aukra og Midtsund, via ein gedigen omveg.

Møreaksen er heldigvis ikkje endeleg vedteken, og ligger KUN inne i ein temaplan - alle vegprosjekt må igjennom Ks1, Ks2, ekstern kvalitetsikring og risikovurdering, før den kan kome til reell beslutning i eit Statsbudsjett i Stortinget.

Møreaksen har ikkje kome til Ks2 ein gong, og eg reknar med prosjektet blir stoppa når Samferdsel og Finansdepartementet får sjå nermare på prosjektet ca 80% av innbyggjarane i Møre og Romsdal IKKJE vil ha!

Stortingsvalget 13. september bestemmer kven 8 politikarar frå vårt fylke, som skal styrer framdrifta på slike prosjekt i Stortinget framover, DU bestemmer dette den 13 september!

STOPP MØREAKSEN!

Stem FrP.

Kommentarer til denne saken