Erling Outzen (SV): Ber kommunestyret om å seie nei til rotenon i Driva

Erling Outzen.

Erling Outzen.

Erling Outzen (SV) tek i ein interpellasjon til kommunestyret til orde for å seie nei til rotenonbehandling av Driva.

DEL

Interpellasjonen har slik ordlyd:

Det er bygd ei fiskesperre eit stykke opp i Driva, og planen er å utrydde all fisk nedafor sperra med plantegifta rotenon. Både laks og aure. Dette for å bli kvitt ein parasitt, gyroen, som har redusert laksebestanden i elva.

SV-gruppa i kommunestyret har vore imot dette opplegget heile tida, mest av prinsipielle grunnar. No tyder ny forsking på at vi hadde – og har – rett.

Eit forsøk med klorbehandling har gitt lovande resultat i Gjemnes. Ein viss mengde klor i elva der drap gyro-parasitten, men ikkje fisken. Og nyleg offentleggjort forsking under leiing av vårt eige Nofima har påvist utvikling av resistens i lakseyngel frå gyro-infiserte elver. Akkurat det somme av oss har sagt ville skje, og som som har skjedd med Austersjølaksen før.

På bakgrunn av dette, både klorbehandlinga i Gjemnes og påvisinga av utvikling av resistens hos laksen, meiner eg Sunndal kommunestyre bør sende eit kraftig signal til sentrale styresmakter om at vi ikkje ønsker rotenonforgifting av Driva og andre elver i området. Eg håpar ordføraren vil støtte eit slikt signal.

Forslag til vedtak:

Sunndal kommunestyre har merka seg vellykka forsøk med klorbehandling, samt ny forsking som viser utvikling av resistens mot gyro-parasitten hos lakseyngel. Sunndal kommunestyre ønsker på bakgrunn av dette ingen rotenonbehandling av Driva.

Artikkeltags