«Leikne tonar i vinternatta» på Øra kafé

Vokalgruppa Røyst inviterer til ein varmande konsert kalla «Leikne tonar i vinternatta».

DEL

Fredag 1. februar vil dei underhalde på Øra kafé saman med eit knippe andre lokale musikarar og songarar.

To av dei er utflytta sunndalingar som kjem langvegsfrå i ens ærend å underhalde sunndalspublikummet denne kvelden. Musikken blir variert. Publikum vil få høyre alt frå norske viser og folketonar til pop og irsk pubmusikk. Tina Fløystad vil bidra med dikt mellom dei musikalske innslaga.

Når det er ordentleg vinter, er det lett å bli sitjande heime i sofaen. Men Røyst oppfordrar folk heller til å gå ut for sosialisering og gode musikalske opplevingar. Øra kafé har gått ut i media og sagt at dei kanskje ikkje opnar kafeen igjen i mars, dermed kan dette vere den aller siste sjansen folk har til å dra dit. Så vent med Netflix til laurdagen og kom deg heller ut og treff vener og kjente, lyder oppfordringa.

Artikkeltags